Hopp til innhold
Logoen til Landsorganisasjonen i Noreg (LO).
Logoen til Landsorganisasjonen i Noreg (LO).
X
Innhald

Landsorganisasjonen i Noreg (LO)

Landsorganisasjonen i Noreg (LO) er den største lønstakarorganisasjonen i landet. LO er ein av dei sentrale aktørane i den norske samfunnsmodellen. Modellen har sikra eit dynamisk arbeidsliv, sosial likskap og stor grad av tillit mellom folk.

LO er ein hovudorganisasjon og arbeider for interessene til 26 ulike fagforbund innanfor både privat og offentleg sektor. I handlingsprogrammet til LO er hovudmåla tryggleik i arbeidslivet, jamnare fordeling, større likestilling og ein sterkare fellesfinansiert velferdsstat.

LO har frå etableringa i 1899 hatt tette band til Det norske Arbeiderparti (DNA, no Arbeidarpartiet, Ap). Partiet og fagrørsla var lenge nærmast eitt og det same innanfor arbeidarrørsla. I 1907 vart den første landsomfattande tariffavtalen, jernavtalen, inngått. Denne avtalen har danna mønster for tariffpolitikken til LO heilt fram til i dag. Avtalen var bindande for både arbeidsgivarar og arbeidstakarar, og han etablerte eit prinsipp om minsteløn.

I 1935 vart Hovudavtalen framforhandla mellom LO og NAF (seinare NHO). Avtalen vert omtalt som grunnlova for arbeidslivet og teikna opp spelereglar for arbeidslivet som i noko omarbeidd form framleis gjeld. Etter 1945 arbeidde LO tett saman med DNA for å modernisere industrien og byggje ut velferdsstaten. Produksjons- og produktivitetsvekst var ein grunnleggjande føresetnad i dette arbeidet og gjekk føre andre omsyn og verdiar.

LO har vore ein viktig del av trepartssamarbeidet mellom arbeidsgivarar, arbeidstakarar og staten, eit samarbeid som står sentralt i den nordiske velferdsmodellen. Organisasjonen har vore ein pådrivar for sentraliserte forhandlingar, noko som har gjort det mogleg å sjå ulike lønstakargrupper i samanheng og halde skilnadane mellom dei små. Samarbeidsmodellen har vorte trekt fram som ein viktig del av forklaringa på at den norske økonomien har klart seg godt gjennom fleire av krisene i verdsøkonomien. Der fleire av LO sine søsterorganisasjonar i andre land har stått fram som svake paraplyorganisasjonar med sterke enkeltforbund, har LO vore ein sterk og sjølvstendig maktfaktor i norsk fagrørsle.

Før andre verdskrigen var tyngda av organiserte i LO mannlege arbeidarar i industri, gruver og anlegg, transport og skogbruk. Etter krigen ønskte LO å nå breiare ut og arbeidde for å verte ein organisasjon også for funksjonærar. Samansetjinga i organisasjonen endra seg, særleg med veksten i offentleg tilsette medlemer. I dag er 50 prosent av medlemene kvinner, og LO er hovudorganisasjon for 26 ulike fagforbund, der kvart fagforbund organiserer tilsette innanfor bestemte næringsgreiner, yrke eller offentlege etatar. I Noreg har leiinga i LO vore ein sterk og sjølvstendig maktfaktor i den norske fagrørsla.

I 2017 hadde Landsorganisasjonen 925 605 medlemer, noko som utgjorde vel 50 prosent av alle fagorganiserte i arbeidstakarorganisasjonar i Noreg. Sjølv om dette talet er høgt, er det langt frå prosentdelen midt i 1950-åra, då 83 prosent av alle fagorganiserte lønsmottakarar var medlemer i LO.

LO har hatt fleire markante leiarar dei siste tiåra, mellom anna Gerd Liv Valla (2001–07), som var sentral for det raud-grøne regjeringsprosjektet tidleg i dette hundreåret. Under Ynge Hågensen (1989–2001) sin leiarskap stod utarbeidinga av «solidaritetsalternativet», i kampen mot arbeidsløysa, heilt sentralt. Hans-Christian Gabrielsen vart valt til LO-leiar i 2017.

 

Kjelder

Jorunn Bjørgum: «Arbeiderpartiet og LO i historisk perspektiv», Arbeiderhistorie 2008. Årbok for arbeidebevegelsens arkiv og bibliotek. Oslo 2008

Inger Bjørnhaug ofl. (red.): I rettferdighetens navn. LO 100 år – historiske blikk på fagbevegelsens meningsbrytninger og veivalg. Oslo 2000

 

Erling Barth, Karl O. Moene og Fredrik Willumsen: «The Scandinavian model – an interpretation», Journal of Public Economics 13.1.2015, sv.uio.no: https://www.sv.uio.no/esop/english/publications/articles/2015/barth-moene-journal-of-public-economics-2015.pdf [lesedato 28.1.2019]

Tor Are Johansen: «Hovedavtalen av 1935», Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, arbark.no: https://www.arbark.no/Diverse/Hovedavtalen_av_1935/Hovedavtalen_av_1935.htm [lesedato 3.12.2018]

Landsorganisasjonen i Noreg: «Kort om LO», lo.no: https://www.lo.no/Om-LO/Kort-om-LO/ [lesedato 3.12.2018]

Landsorganisasjonen i Noreg: «LO-forbundene», lo.no: https://www.lo.no/Om-LO/LO-forbundene/ [lesedato 3.12.2018]

Landsorganisasjonen i Noreg: LOs handlingsprogram 2017–2021, vedteke på LOs 34. ordinære kongress. 8.–12. mai 2017, lo.no: https://www.lo.no/hvem-vi-er/los-handlingsprogram [lesedato 3.12.2018]

Statistisk sentralbyrå: «Fagforeningsmedlemmer og streikar», ssb.no, oppdatert 7.5.2018: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/aar [lesedato 3.12.2018]

 

Peikarar

Hovudavtalen, inngått mellom LO og NHO (tidlegare NAF), arbark.no

Dei 26 LO-forbunda, lo.no

EL og IT Forbundet: «LOs hederspris til Yngve Hågensen», elogit.no, publisert 8.5.2017

Først publisert: 15.05.2019
Sist oppdatert: 16.05.2019