Hopp til innhold
Geir Børresen og Lars Andreas Larssen under framsyninga «Monki Bisniss» på Nationaltheatret 15.9.1989. Fotograf: Frits Solvang. Kjelde: oslobilder.no. Biletnr.: DEX_FS_000132. CC BY 3.0 NO.
Geir Børresen og Lars Andreas Larssen under framsyninga «Monki Bisniss» på Nationaltheatret 15.9.1989. Fotograf: Frits Solvang. Kjelde: oslobilder.no. Biletnr.: DEX_FS_000132. CC BY 3.0 NO.
X
Innhald

Lars Andreas Larssen

Lars Andreas Larssen var ein folkekjær skodespelar og humorist. Som skodespelar var han allsidig. Han hadde ei karakteristisk røyst og var ein framifrå opplesar.

Lars Andreas Larssen var fødd på Melbu i Hadsel kommune i Nordland 27. mars 1935 og døydde i Oslo 29. januar 2014. Han var elev ved Statens Teaterskole i 1954–59. I 1958 debuterte han som skodespelar på Folketeateret. Han var tilsett ved Rogaland Teater i 1959–62 og ved Nationaltheatret i 1968–95. Frå 1995 arbeidde han som frilansar.

Ved Rogaland Teater spela Larssen mellom anna i rolla som Håkon i Ibsens Kongsemnerne og i tittelrolla i Læraren av Garborg. Ved Nationaltheatret medverka han i til saman over 60 oppsetjingar. Han gjorde fleire Ibsen-roller, mellom anna som Gregers Werle i Vildanden (1986), Dr. Wangel i Fruen fra havet (1990) og prosten i Brand (1990). Han hadde fleire roller i stykke av Shakespeare. I 1977 var han med på å skipe Teatret på Torshov, Nationaltheatrets bydelsscene, som dei første åra var organisert etter eit allmannaprinsipp. Her spela han mellom anna i Dario Fo sitt stykke Vi betaler ikke! Vi betaler ikke! (1978) og kunne då utfalde det store komiske talentet sitt. Elles må ein nemne roller som Kirilov i De besatte av Fjodor Dostojevskij (1975) og baron Zeta i Den glade enke (1987). Den siste rolla hans på Nationaltheatret var som baronen i Jeppe paa Bjerget av Ludvig Holberg (1992). Ved fleire høve gjesta han òg Det Norske Teatret som skodespelar.

Som frilansar i 1990-åra gjorde han suksess med den eigenproduserte framsyninga om Knut Hamsun, På gjengrodde stier. I 1999 laga han saman med Monna Tandberg og regissør Edith Roger framsyninga Det er sant! Hvert evig ord, om Henrik Ibsen, som blei vist mange stader i Noreg og i utlandet.

Han debuterte som filmskodespelar i Arne Skouens film Ni liv (1957) og hadde roller i ei rekkje norske filmar. I fleire år var han knytt til Fjernsynsteatret.

Lars Andreas Larssen var sterkt samfunnsengasjert. Saman med den første kona si, Sonja Lid, skipa han det første Fredskontoret, i Stavanger. Han var medlem av styret i Norsk Kvinnesaksforeining og var oppteken av korleis samfunnet tok seg av dei eldre. Han vitja ofte heimstaden sin og var ein av drivkreftene bak den årlege festivalen «Sommer-Melbu».

Larssen fekk diagnosen Alzheimer. Sjukdomen blei merkbar i 2003, då han fekk så store problem med å hugse teksten til ei framsyning han hadde gjort mange gonger tidlegare, at han måtte trekkje seg. Etter det gav han opp scenelivet. Sonen, Vetle Lid Larsen, har skrive bok om tilhøvet til faren, Hvordan elske en far – og overleve (2015).

Kjelder

Herman Berthelsen: Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo 1987

Tone Hoemsnes: «Larssen, Lars Andreas», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002

Vetle Lid Larssen: Hvordan elske en far – og overleve. Oslo 2015

Nils J. Ringdal: Nationaltheatrets historie. 1899–1999. Oslo 2000

Jo Ørjasæter: Fjernsynsteateret. Til glede og forargelse. Oslo 1994

Billy Jacobsen: «Lars Andreas Larssen på sokkel», nrk.no: http://www.nrk.no/nordland/lars-andreas-larssen-pa-sokkel-1.6128769 [lesedato 25.12.2015]

Nettsidene til Nationaltheatret, rollene til Lars Andreas Larssen, nationaltheatret.no: http://forest.nationaltheatret.no/Persons/Details/cac45924-f68f-4c4b-95ef-f0b80e6ba1fa [lesedato 25.12.2015]

Sceneweb: «Lars Andreas Larssen», sceneweb.no: http://sceneweb.no/nb/artist/17570/Lars_Andreas__Larssen-1935-3-27 [lesedato 25.12.2015]

Gaute Tyssebotn: «Larssen fikk Alzheimer», nettavisen.no: http://pub.nettavisen.no/1298123.html [lesedato 25.12.2015]

Først publisert: 24.10.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016