Hopp til innhold
Lars Mæhle. Foto: Tove Breistein / Samlaget.
Lars Mæhle. Foto: Tove Breistein / Samlaget.
X
Innhald

Lars Mæhle

Lars Mæhle, litteraturvitar og produktiv forfattar av bøker for barn og unge både på nynorsk og bokmål. Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei gjennombrotsromanen hans. Mæhle er festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2017.

Lars Mæhle er fødd 6. januar 1971 på Sunndalsøra, er oppvaksen i Sunndal og busett i Oslo. Han tok vidaregåande skule 1987–90, og han gjekk på Buskerud folkehøgskole 1990–91. Mæhle er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Oslo (1997) med hovudfag i litteraturvitskap og grunnfag i religionshistorie i fagkrinsen. Han skreiv hovudfagsoppgåve med tittelen Lesere i og lesninger av metafiksjonslitteratur. Mæhle arbeidde nokre år som forlagsredaktør for pocketbøker i Gyldendal Norsk Forlag før han gjekk over til å jobbe som forfattar på heiltid.

Mæhle skriv i fleire sjangrar og debuterte i 2002 med oppvekstskildringa Keeperen til Tunisia. Filmen Keeper'n til Liverpool er basert på boka og hadde premiere hausten 2010. I 2005 kom den frittståande oppfølgjaren Narnia-draumar. Ungdomsromanen Harry Houdinis elefant blei utgitt i 2008. I 2012 kom ungdomsromanen Fuck Off I Love You, der vald og val står i fokus.

Mæhle har gitt ut fire bøker om Harry og Ivar. Den første, Harry og Ivar finn opp krutet (2003), blei dramatisert for barnetimen og er òg sett om til dansk. Han har òg gitt ut ni bøker om Knoterud FK på begge målformer, i lettles-serien Leseløver.

Fantasyromanen Landet under isen kom i 2009. Boka har innslag av kriminallitteratur og religionshistorie, og handlinga går føre seg på industristaden Smalvik, der fire unge menneske er sakna. Landet under isen. Dødebok (2014) er ein frittståande oppfølgjar. I spenningsromanen Bouvetøya 2052 er handlinga lagt til framtida, og på grunn av klimaendringane er verda annleis enn vi kjenner ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: «Bak bøkene: Lars Mæhle», Lars Mæhle blir intervjua av Ingelin Røssland i 2012.

I 2011 kom den første boka for vaksne, novellesamlinga Korea. Noveller om kjærleik. Den mørke porten (2013) var den første kriminalromanen hans. Boka blei seld til Tyskland allereie før ho var gitt ut i Noreg. Psykologen Ina Grieg jaktar ein seriemordar då ho forstår at det dreier seg om fleire mord, etter at ein mann blir funne drepen i ein kyrkjeruin. I 2015 kom Linnès dystre lærdom, andre boka i serien om Ina Grieg.

Krimteam Siri & Max er ein serie for barn mellom 8 og 12 år, og Skoddefyrstens hevn (2015) var første boka i serien som kjem ut på bokmål. Siri Sandvik og Max Jenssen, som begge er 12 år gamle og bur i Heimvik, er heltane i serien. Mæhle har også skrive tre bøker i serien Dyrepasserne (2012–13). Telle-Trollet (2016) er ei teljebok for dei minste.

Mæhle fekk Guro Sandsdalens litteraturpris i 2004. For Landet under isen fekk han Kulturdepartementets litteraturpris (2009), UPrisen (2010) og Fabelprisen (2010). Boka var òg nominert til Brageprisen. Han fekk også Nynorsk barnelitteraturpris 2014 for boka Landet under isen. Dødebok. I 2017 skal Mæhle vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Ørsta.

Kjelder

Nettstaden til Lars Mæhle: http://larsmahle.no/ [lesedato 8.9.2016]

Lars Mæhle, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/M/Lars--Maehle.aspx [lesedato 8.9.2016]

Lars Mæhle, forfattarside, txt.no, http://www.txt.no/index.php?option=com_content&view=article&id=997&Itemid=100027 [lesedato 6.3.2011]

Peikarar

Nynorsk barnelitteraturpris 2014 til Lars Mæhle

Nettstad for bokserien Krimteam Siri & Max

«Lars Mæhle er inspirert av trollet heime», vl.no

Omtale av Landet under isen på nettsidene til UPrisen

Forfattarside om Lars Mæhle, cappelendamm.no

Først publisert: 15.11.2011
Sist oppdatert: 07.10.2016