Hopp til innhold
Lasse Kolstad under Spellemannsprisen i 1980. Foto: Arne Nielsen, kredit: Riksarkivet (National Archives of Norway), Flickr.com, arkivref. PA-0797_U_9888_002_022 (ingen kjente restriksjonar/falle i det fri).
Lasse Kolstad under Spellemannsprisen i 1980. Foto: Arne Nielsen, kredit: Riksarkivet (National Archives of Norway), Flickr.com, arkivref. PA-0797_U_9888_002_022 (ingen kjente restriksjonar/falle i det fri).
X
Innhald

Lasse Kolstad

Lasse (Lars) Kolstad, skodespelar og songar. Han høyrde med til dei sentrale skodespelarane ved Det Norske Teatret i siste del av 1900-talet. Ikkje minst var han ei sentral kraft i mange av musikkoppsetjingane ved teatret. Han hadde ei karakteristisk og ruvande røyst.

Lasse Kolstad var fødd i Kristiania (Oslo) 10. januar 1922 og døydde i Oslo 14. januar 2012. Han utdanna seg som skodespelar på elevskulen ved Trøndelag Teater i 1942–44. Her debuterte han òg som skodespelar i 1943 og var tilsett ved teateret i 1945–49. Samstundes studerte han song i København i 1946–47. Han var tilsett ved Centralteatret i 1949–50, Edderkoppen i 1950–52, Riksteatret i 1952–56, Det Norske Teatret i 1956–65 og Fjernsynsteatret i 1965–69. Frå 1969 var han attende ved Det Norske Teatret, der han var tilsett fram til han nådde pensjonsalderen i 1992, men også etter den tid var han med i ei rekkje framsyningar.

Hovudinnsatsen som skodespelar gjorde Kolstad ved Det Norske Teatret. Her hadde han fleire klassiske roller, mellom anna som Caliban i Stormen av Shakespeare (1958), tittelrolla i Peer Gynt (1962), doktor Stockmann i Ein folkefiende av Ibsen (1973), legen Dorn i Måken av Tsjekhov (1974), Otte i Ettermæle av Duun (1976), tittelrolla Macbeth av Shakespeare (1977), grosserar Werle i Vildanden av Ibsen (1981) og godsforvaltaren Borkin i Ivanov av Tsjekhov (1985). Han hadde fleire roller i Keisar og Galilear (1987).

Med sin musikalske bakgrunn og si kraftfulle songrøyst var Kolstad sentral i ei rekkje musikkoppsetjingar ved Det Norske Teatret. Han byrja som cowboyen i Oklahoma (1960) og hadde stor suksess i rolla som Tevje i Spelemann på taket (1968), som han fekk kritikarprisen for. Han hadde tittelrolla i Zorba (1971) og rolla som Gus i Cats (1985). Han gjorde òg ein stor innsats i dei mange kabaretane som teateret sette opp, til dømes i Jacques Brel er her i kveld og bur bra i Paris (1975), Så lenge skuta kan gå (1978), Snart gryr ein morgon! (1982), Send inn ein klovn! (1984) og kavalkaden Musical Musikal (2002).

Kolstad var med i fleire filmar. Han debuterte i Skøytekongen (1953) og spela seinare i filmar som Bussen (1961), Bortreist på ubestemt tid (1974) og Fru Inger til Østråt (1975). Han var med i den amerikanske Christian Radich-filmen Windjammer (1958) som styrmannen og i The Island at the Top of the World (1974).

I Fjernsynsteatret blei han særleg kjend for tittelrolla i serien Skipper Worse av Alexander Kielland (1968).

Lasse Kolstad blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1987.

Kjelder

Svein Erik Brodal: «Lasse Kolstad», Norsk biografisk leksikon, bd. 5, Oslo 2002

Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. 1963–1988. Oslo 1988

Nils Sletbak: Det Norske Teatret. Femti år1913–1963. Oslo 1963

Ole Øisang: Trøndelag teater gjennom 25 år. Trondheim 1962

Jo Ørjasæter: Fjernsynsteateret til glede og forargelse. Oslo 1994

Sceneweb: «Lasse Kolstad», sceneweb.no: http://www.sceneweb.no/nb/artist/11335/Lasse__Kolstad [lesedato 25.12.2016]

Først publisert: 18.05.2017
Sist oppdatert: 13.03.2019