Hopp til innhold

Lesekunne

Lesekunne er ein samansett dugleik som kan definerast som evna til å avkode, forstå, tolke og bruke trykt og skrive materiale i varierte samanhengar.

Omgrepet «literacy» er breiare enn det norske omgrepet lesekunne eller lesedugleik, det omfattar òg skrivekunne. Ei mogleg omsetjing av literacy kan då vere «skriftkunne». Ordet literacy heng språkleg saman med det engelske letter (bokstav) og viste i utgangspunktet nettopp til det å ha kunnskap om alfabetet.

Slik vi bruker omgrepet literacy i dag, omfattar det mykje meir enn det å ha kunnskap om alfabetet. I UNESCOs definisjon av literacy inngår til dømes òg ei myndiggjering. Literacy handlar såleis om at menneske skal kunne nå mål, utvikle kunnskap og potensiale og ta del både i lokalsamfunnet og storsamfunnet.

To ulike sider av lesekunne

Lesekunne kan på den eine sida forståast som ein individuell dugleik, altså ein dugleik som einskildindivid har. Då forstår ein lesekunne som eit sett av mentale prosessar som er nødvendige for å avkode og forstå tekstar. Avkoding vil seie å omsetje skriftteikn (grafem) til språklydar (fonem). Dette blir kalla eit kognitivt perspektiv på lesing. Ordet kognitiv kjem frå latin og viser til det som har med tenking og erkjenning å gjere. Det kognitive perspektivet seier altså noko om lesing som tenking. Mentale prosessar som er i bruk når ein les, er til dømes sansing, ordforråd, minne, sjølvregulering og evne til å gjere slutningar (inferensar).

I daglegspråket seier vi at ein person har «knekt lesekoden» når avkodinga av grafem går nokolunde automatisk. Avkoding og forståing heng tett saman, men i teorien kan ein lære å avkode utan å forstå. I skulesamanheng har ein tradisjonelt vore særleg oppteken av at elevane skal automatisere avkodinga, men i dag har ein retta større merksemd mot den vidare leseutviklinga og mot korleis lesarar som har lært å avkode, kan ta i bruk ulike strategiar for å betre forståinga.

Leseforståing handlar om korleis den einskilde lesaren bruker informasjon på ulike tekstnivå, frå makronivå (i kva samanheng teksten står i) til mikronivå (grafem og morfem) for å skape samanheng og meining i teksten. Forståing av heilskapen og av dei einskilde delane utviklar seg parallelt, slik at forståing av einskilddelar verkar inn på forståinga av heilskapen, og omvendt.

På den andre sida kan ein forstå lesekunne spesielt og literacy generelt som ulike sosiale og kulturelle praksisar. Funksjonell lesekunne eller literacy kan då definerast som evna til å ta del i sentrale literacyhendingar, det vil seie ulike aktivitetar der lesing eller skriving spelar ei rolle. Literacyhendingar kan til dømes vere å lese eit informasjonsbrev frå barnehagen, skrive ein handlelapp eller lese ein roman. Funksjonelle analfabetar manglar av ein eller annan grunn evna til fullt ut å ta del i slike aktivitetar i kvardagen. Det kan handle om ulike former for vanskar med avkoding eller forståing, til dømes dysleksi, men det kan òg handle om sosiale tilhøve, til dømes tilgang på leseopplæring. Det er vanskeleg å undersøkje omfanget av funksjonell literacy, mellom anna fordi lesedugleik er situasjonsavhengig. Vaksne i Noreg har ein funksjonell literacy som ligg noko over OECD-gjennomsnittet, og over 80 prosent av den vaksne norske befolkninga kan ein rekne med har funksjonell literacy. På verdsbasis er tala for absolutt analfabetisme på veg ned, og fleire får opplæring i skrift. Framleis er det likevel om lag 617 millionar ungdomar som manglar grunnleggjande lese- og skrivekunne. Nokre grupper får særleg dårleg skulegang, nemleg barn i konfliktsoner.

Forskarar med sosiokulturelle tilnærmingar til lesekunne undersøkjer til dømes korleis tekstar blir brukte i ulike samanhengar av ulike personar og sosiale grupper. I eit sosiokulturelt perspektiv på lesekunne kan ein vidare ta for seg korleis skrift, sjangrar og ulike medium har innverknad på lesing som sosialt fenomen.

Dei kognitive og sosiokulturelle perspektiva utfyller kvarandre. Både kognitive og sosiokulturelle perspektiv er nødvendige for å forstå kva lesekunne og skriftkunne er, og forskarar har peika på at det er mogleg å snakke om sosiokognitive tilnærmingar til lese- og skrivekunne. Omgrepet økologi har òg vore nytta som metafor for å gripe kompleksiteten og for å knyte saman dei kognitive og sosiale perspektiva. Økologi seier noko om samspelet mellom ein organisme, her mennesket, og det miljøet han lever i. Lesekunne er ein individuell dugleik som blir utvikla i bestemte samanhengar, i eit bestemt miljø.

Omgrepet literacy

Det engelske omgrepet literacy har etter kvart fått ei stadig breiare tyding og blir no brukt i ei rad ulike samanhengar, meir eller mindre synonymt med omgrepet kompetanse eller dugleik. Såleis finn ein i faglitteraturen ulike samansetjingar som cultural literacy, critical literacy, media literacy og digital literacy. Det engelske motstykket til lesekunne blir såleis reading literacy. Det har vore ulike forslag til norske omsetjingar av omgrepet, til dømes skriftkunne og tilgangskompetanse, men i faglitteraturen er det blitt vanleg å bruke det engelske omgrepet utan å omsetje det.

Undervisning i fjerde klasse ved Kylstad skule i Hedmark i 1954. Ukjend fotograf. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: 0412-16366. Eigar: Stiftelsen Domkirkeodden. Public Domain / ingen opphavsrett.

Undervisning i fjerde klasse ved Kylstad skule i Hedmark i 1954. Ukjend fotograf. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: 0412-16366. Eigar: Stiftelsen Domkirkeodden. Public Domain / ingen opphavsrett.

Historikk

I eit historisk perspektiv kan ein tydeleg sjå dei politiske og sosiale aspekta ved lesekunne. Lesekunne er avgjerande for demokratisk deltaking i eit skriftleggjort samfunn, og tilgangen til sentrale tekstar innanfor eit samfunn har historisk sett vore svært ulikt fordelt. Innføringa av organisert og utvida konfirmasjonsundervisning i 1739, som omfatta leseundervisning, kan i norsk samanheng seiast å vere eit viktig historisk skilje.

Ved byrjinga av 1800-talet var lese- og skrivekunna allmenn i Noreg. Tilgangen til demokratisk deltaking i samfunnet var likevel avgrensa, mellom anna fordi skriftkulturen var underlagd streng politisk sensur. Utover 1800-talet blei tilgangen til sentrale tekstar og vilkåra for å ta del i politikk og samfunnsdebatt gradvis utvida.

Literacy i skulen

I Kunnskapsløftet (læreplanverket for den norske skulen) er lesing definert som ein grunnleggjande dugleik som skal integrerast i alle skulefag. På den eine sida kan vi forstå lesekunne som ein fagovergripande generell dugleik. På den andre sida finst det fagspesifikke sider ved lesekunne. I ulike fag finn vi ulike måtar å bruke språket på, ulike omgrep og ulike metaforar. Nokre av tekstane i norskfaget, til dømes noveller og dikt, og nokre av tekstane i naturfag, til dømes feltrapportar eller vitskaplege artiklar, krev ulike tilnærmingar, altså ulike lesepraksisar.

Utvikling av lese- og skrivekunne internasjonalt blir jamleg målt til dømes gjennom PISA-undersøkinga i regi av OECD og gjennom PIRLS-undersøkinga i regi av IEA-nettverket. I PISA-undersøkinga frå 2015 skåra norske elevar noko høgare enn gjennomsnittet i OECD-landa i lesekunne, noko som er ei styrking sett i høve til tidlegare undersøkingar. PIRLS-undersøkinga frå 2016 viser ein tilsvarande tendens. Nasjonalt blir lesekunne målt av Utdanningsdirektoratet gjennom årlege nasjonale prøver i lesing.

 

Kjelder

David Barton: Literacy. An Introduction to the Ecology of Written Language. Malden 2007

Birgit Bjørkeng (red.): Ferdigheter i voksenbefolkningen. Resultater fra den internasjonale undersøkelsen om lese- og tallforståelse (PIAAC). Statistisk sentralbyrå. Oslo 2013

Marte Blikstad-Balas: Literacy i skolen. Oslo 2016

Lise Iversen Kulbrandstad: Lesing i utvikling. Teoretiske og didaktiske perspektiver. Bergen 2017

UNESCO: The plurality of literacy and its implications for policies and programs. Paris 2004

 

FNs sustainable development goals: «4 Quality education», un.org: https://www.un.org/sustainabledevelopment/education/ [lesedato 2.5.2019]

 

Peikarar

UNESCO: The plurality of literacy and its implications for policies and programs, unesdoc.unesco.org

OECD Programme for International Student Assessment (PISA): «Reading Literacy», pisa.tum.de

International Association for the Evaluation of Educational Achievement (IEA): «PIRLS. Progress in International Reading Literacy Study», iea.nl

Først publisert: 28.05.2019
Sist oppdatert: 14.06.2019