Hopp til innhold
X
Innhald

Libyakrigen

Libyakrigen var ein utanlandsk militær intervensjon i Libya i 2011, som førte til Muammar Gaddafis fall. Etter krigen har Libya vore prega av kaos og har gått frå å vere det mest velståande landet i Afrika til eit svært utrygt og øydelagt land.

Nemninga «Libyakrigen» vert nytta og kan forståast på to ulike måtar. Éi tyding er at ho refererer snevert til den internasjonale intervensjonen i Libya frå 17. mars til 31. oktober 2011. Det er slik «Libyakrigen» vert nytta i denne artikkelen. Ei anna tyding er at nemninga i tillegg femner om opprøret og borgarkrigen i månaden før intervensjonen.

Den internasjonale intervensjonen i Libya var ein krig mot det libyske regimet, ført i hovudsak av NATO-luftstyrkar til støtte for libyske opprørsgrupper. Bakgrunnen for intervensjonen var den første fasen av den libyske borgarkrigen i februar–mars 2011, som i sin tur var ei av dei politiske omveltingane som vaks ut av «den arabiske våren». Grunngivinga for og gjennomføringa og oppfølginga av krigen har i ettertid vore omstridd.

Noreg tok del i denne krigen.

Forløp og gjennomføring

I midten av mars 2011 hadde Muammar Gaddafi, diktator i Libya sidan 1969, slått tilbake eit væpna opprør i landet. Regjeringsstyrkane hans stod utanfor byen Benghazi, den siste festninga til opprørarane, som nekta å overgi seg.

Etter initiativ frå særleg Frankrike, USA og Den arabiske ligaen vedtok Tryggingsrådet i FN 17. mars 2011 ein resolusjon som tillét medlemsstatar å innføre ei «flyforbodssone» i Libya og å verne sivile «med alle nødvendige middel» utanom ein okkupasjonsstyrke.

Den internasjonale styrken bestod av NATO-land og i tillegg Sverige, Qatar, Dei sameinte arabiske emirata og Saudi-Arabia. Aksjonen nådde målet om vern av sivile i Benghazi mindre enn eitt døgn etter at dei første bombene fall frå franske fly 19. mars. Då Noreg byrja sine oppdrag 24. mars, hadde intervensjonen allereie skifta karakter til ein åtakskrig mot Gaddafi-regimet, og den internasjonale styrken fungerte i praksis som luftvåpenet til opprørarane. Trass i at FN-resolusjonen òg tok til orde for våpenkvile og dialog, avslo NATO meklingsframstøytar frå Gaddafi og hindra forhandlingar i regi av Den afrikanske unionen.

På grunn av den overlegne slagkrafta til den internasjonale styrken var intervensjonen det som tippa den underliggjande borgarkrigen i favør av opprørarane.

Krigen var i praksis over med drapet på Muammar Gaddafi 20. oktober 2011. Formelt enda han 31. oktober 2011 med NATO si tilbaketrekking frå Libya.

Bakgrunn og grunngiving

Resolusjonen i FN og intervensjonen til NATO baserte seg på ein mistanke om ein føreståande massakre av sivile. Det er kontroversielle sider både med denne vurderinga, altså resolusjonen i seg sjølv, og med korleis krigen vart gjennomført på bakgrunn av resolusjonen.

Mistanken var basert på den sterke retorikken til Gaddafi andsynes opprørarane, og på rapportar om systematiske overgrep mot sivile. I kva grad retorikken til Gaddafi innebar truslar om eit slikt massedrap, er omdiskutert. Kritikarar av intervensjonen har peikt på at vurderinga om fare for massedrap såg bort frå lovnader om amnesti frå Gaddafi si side og korleis styrkane hans hadde behandla befolkninga i byar som var erobra i dagane før. Rapportane om systematiske overgrep mot sivile og innflyging av afrikanske leigesoldatar har aldri vore beviste eller motbeviste.

Derimot vart det dokumentert overgrep mot sivile utført av opprørsstyrkane. NATO hindra ikkje slike overgrep, og dei vart i ettertid ikkje rettsforfølgde av opprørarane sjølve. Her er vi inne på den andre kontroversielle sida ved Libyakrigen, nemleg misforholdet mellom grunngivinga og korleis krigen faktisk vart gjennomført. NATO avgjorde i løpet av den første månaden av krigen at dei ikkje skulle verne sivile som var truga av opprørsstyrkane. Mange har meint at dei med dette ikkje makta å oppfylle FN-mandatet om vern av sivile. I kva grad dei på same tid gjekk utover mandatet ved aktivt å velje side og å arbeide for eit regimeskifte er omdiskutert internasjonalt. I Noreg har usemja dreidd seg om den norske tilbaketrekkinga 1. august 2011 skjedde før eller etter at regimeskifte vart eit mål for intervensjonen.

Fleire sivile døydde, vart skadde eller flykta både i løpet av og i kjølvatnet av Libyakrigen enn i borgarkrigen som var grunnlaget for FN-resolusjonen.

Konsekvensar og oppfølging

Libya har hatt ei katastrofal utvikling etter Libyakrigen. Det er vanskeleg å vurdere kor mykje av dette som er ein konsekvens av krigen, og kor store problem Libya hadde hatt utan ein intervensjon.

Likevel har det vore semje både blant kritikarar og tilhengarar av krigen om at landa som tok del, utviste ei manglande forståing av korleis det libyske samfunnet og opprøret var sett saman, og manglande langsiktige planar og vilje for oppfølging etter krigen. Muammar Gaddafi hadde sørgt for at han var limet som heldt landet saman, og det var eit kritisk behov for oppbygging av nye institusjonar då regimet hans fall.

Det største konkrete problemet var mangelen på ein nasjonal hær. Det første libyske valet i 2012 var på overflata ein suksess, men utan effektivt militærvesen og politi vart det nye parlamentet gjenstand for utpressing frå dei ulike militsane som opprørsstyrkane hadde delt seg i.

Fleire av desse militsane var islamistar, som fekk eit sterkare fotfeste i Libya i og med Libyakrigen.

Eit anna viktig arbeid som mangla under og etter krigen, var å hindre at våpena til Gaddafi-regimet kom på avvegar. Desse våpena auka ikkje berre ustabiliteten i Libya, men fann òg vegen til Algerie, Tsjad, Egypt, Gaza, Tunisia, Syria – og verka særleg destabiliserande i Burkina Faso, Niger og Mali.

Andre internasjonale utviklingstrekk som kan knytast til Libyakrigen, er større mistillit og redusert handlekraft i Tryggingsrådet i FN, flyktningkrisa i Europa i 2014–15 og fornya debatt om såkalla humanitære krigar.

Kjelder

Morten Bøås: «Konflikt, ustabilitet og migranter: 'post-Gaddafi blues' i Sahel», i Tormod Heier ofl. (red): Libya. Krigens uutholdelige letthet. Oslo 2019

Peter Cole og Umar Khan: «The Fall of Tripoli», i Peter Cole og Brian McQuinn (red.): The Libyan Revolution and its Aftermath. Oxford 2015

Maximilian Forte: Slouching Towards Sirte. NATO's War on Libya and Africa. Montreal 2012

Dag Henriksen: «The Political Rationale and Implications of Norway's Military Involvement in Libya», i Dag Henriksen og Ann Karin Larssen (red.): Political Rationale and International Consequences of the War in Libya. Oxford 2016

Rune Ottosen: «Mediene må lære av sine feil i Libya-dekningen», i Tormod Heier ofl. (red): Libya. Krigens uutholdelige letthet. Oslo 2019

Ola Tunander: «Den humanitære krigen», i Tormod Heier ofl. (red): Libya. Krigens uutholdelige letthet. Oslo 2019

Terje Tvedt: «Libya-krigen og fraværet av etterpåklokskap», i Tormod Heier ofl. (red): Libya. Krigens uutholdelige letthet. Oslo 2019

Geir Ulfstein: «Norge brøt folkeretten i Libya», i Tormod Heier ofl. (red): Libya. Krigens uutholdelige letthet. Oslo 2019

Dirk Vandewalle: «Libya's Uncertain Revolution», i The Libyan Revolution and its Aftermath. Oxford 2015

Knut S. Vikør: «Islamisme i Libyas opprør», i Tormod Heier ofl. (red): Libya. Krigens uutholdelige letthet. Oslo 2019

Jean-Baptiste Jeangène Vilmer: «Ten Myths about the 2011 intervention in Libya», The Washington Quarterly nr. 39/2016

Frederic Wehrey: The Burning Shores. Inside the Battle for the New Libya. New York 2018

Øyvind Østerud: «Libya-krigen og utredningene i Storbritannia og Norge», i Tormod Heier ofl. (red): Libya. Krigens uutholdelige letthet. Oslo 2019

 

Sidney Blumenthal: «H: FRANCE'S CLIENT & Q'S GOLD. SID», e-post til Hilary Clinton sendt 1.4.2011, wikileaks.org: https://wikileaks.org/clinton-emails/emailid/6528 [lesedato 5.1.2020]

Gjert Lage Dyndal: «– De som deltok i Libya-krigen skal være stolte av det», forsvaretsforum.no, publisert 17.9.2018: https://forsvaretsforum.no/%E2%80%94-de-som-deltok-i-libya-krigen-skal-v%C3%A6re-stolte-av-dethttps://forsvaretsforum.no/%E2%80%94-de-som-deltok-i-libya-krigen-skal-v%C3%A6re-stolte-av-det [lesedato 6.11.2019]

Espen Barth Eide: «Libya-utvalgets rapport er forbilledlig klar på hvordan situasjonen var», aftenposten.no, publisert 17.9.2018: https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/6nRVE8/libya-utvalgets-rapport-er-forbilledlig-klar-paa-hvordan-situasjonen-var-espen-barth-eide [lesedato 7.11.2019]

Robert Gates og Michael Mullen: «DOD News Briefing with Secretary Gates and Adm. Mullen from the Pentagon», nyhetsbriefing 1.3.2011, defense.gov: https://archive.defense.gov/transcripts/transcript.aspx?transcriptid=4777 [lesedato 5.1.2020]

Shadi Hamid: «Everyone says the Libya intervention was a failure. They're wrong», vox.com, publisert 5.4.2016: https://www.vox.com/2016/4/5/11363288/libya-intervention-success [lesedato 6.11.2019]

House of Commons, Foreign Affairs Committee: «Libya: Examination of intervention and collapse and the UK's future policy options», parliament.uk, publisert 14.9.2016: https://publications.parliament.uk/pa/cm201617/cmselect/cmfaff/119/119.pdf

Human Rights Council: «Report of the International Commission of Inquiry on Libya», ohchr.org, publisert 8.3.2012: https://www.ohchr.org/Documents/HRBodies/HRCouncil/RegularSession/Session19/A.HRC.19.68.pdf [lesedato 6.1.2020]

Alan Kuperman: «America's Little-Known Mission to Support Al Qaeda's Role in Libya», nationalinterest.org, publisert 13.8.2019: https://nationalinterest.org/feature/americas-little-known-mission-support-al-qaedas-role-libya-73271 [lesedato 5.1.2020]

Alan Kuperman: «Did the R2P Foster Violence in Libya?», Genocide Studies and Prevention, nr. 13/2019, scholarcommons.usf.edu: https://scholarcommons.usf.edu/gsp/vol13/iss2/7/ [lesedato 5.1.2020]

Nicolas Pelham: «Libya Against Itself», nybooks.com, publisert 19.2.2015 (krev abonnement): https://www.nybooks.com/articles/2015/02/19/libya-against-itself [lesedato 23.10.2019]

Joe Penney: «Why did the U.S. and its allies bomb Libya? Corruption case against Sarkozy sheds new light on ousting of Gaddafi», theintercept.com, publisert 28.4.2018: https://theintercept.com/2018/04/28/sarkozy-gaddafi-libya-bombing/

Silje Løvstad Thjømøe: «Obama: Libya er min største feil», vg.no, publisert 12.4.2016: https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/nzqML/obama-libya-er-min-stoerste-feil

Tryggingsrådet i FN: «Resolution 1973 (2011)», un.org, publisert 17. mars 2011: https://www.un.org/securitycouncil/s/res/1973-%282011%29 [lesedato 12.12.2019]

Nick Turse, Henrik Moltke og Alice Speri: «Secret War. The US Has Conducted 550 Drone Strikes in Libya Since 2011 – More Than in Somalia, Yemen, or Pakistan», theintercept.com, publisert 21.6.2018: https://theintercept.com/2018/06/20/libya-us-drone-strikes/

 

Peikarar

Libya-utvalet: «Evaluering av norsk deltakelse i Libya-operasjonene i 2011», rapport frå regjeringsoppnemnt utval, regjeringen.no, publisert 13.9.2018

Susanne Skjåstad Lysvold: «F16-pilotene måtte plukke ut bombemål på egen hånd, og slapp bomber i tettbygde bystrøk», artikkel om bakgrunnen for rapporten frå Libya-utvalet, nrk.no, sist oppdatert 13.9.2018

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide: «Redegjørelse om Libya-rapporten», utgreiing om rapporten til Stortinget, 8.1.2019, regjeringen.no

Stortinget: «Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om Libya-krigen og bruk av norsk forsvarsmakt i utlandet (Innst. 227 S (2018-2019), jf. Dokument 8:68 S (2018-2019))», debatt i Stortinget om rapporten og utgreiinga, stortinget.no, publisert 2.4.2019

NRK Brennpunkt: «De gode bombene», dokumentar om Noreg si deltaking i Libyakrigen, tv.nrk.no, publisert 12.3.2013

Veronica Westhrin, Vilde Helljesen og Signe Karin Hotvedt: «Stoltenberg om Norges Libya-bombing: – Ville ha gjort det samme igjen», dåverande statsminister Jens Stoltenberg om Libyakrigen sju år etter, nrk.no, publisert 14.9.2018

Thomas Vermes: «Rødt krever Stoltenberg inn for å ha feilinformert Stortinget om Libya-krig», abcnyheter.no, sist oppdatert 4.2.2019

NTB: «Stoltenbergs holdning til Libya-krigen sjokkerte», reaksjonar frå svenske sosialdemokratar på deltakinga til Noreg, aftenposten.no, publisert 15.10.2014

NTB: «Libya-bombing ble langt dyrere enn antatt», e24.no, publisert 23.1.2012

Først publisert: 07.01.2021
Sist oppdatert: 08.01.2021