Hopp til innhold
X
Innhald

Liechtenstein

Liechtenstein (Fürstentum Liechtenstein), europeisk fyrstedøme med under 40 000 innbyggjarar.

Liechtenstein har vore eit uavhengig fyrstedøme sidan 1719. Landet ligg i Alpane i Sentral-Europa, inneklemt mellom Sveits i vest og sør og Austerrike i nord og aust. Liechtenstein er saman med Usbekistan det einaste landet i verda som er dobbelt kystlaust, det vil seie at landet berre har grense til andre land som heller ikkje grensar til noko hav. Landet er det fjerde minste i Europa, det minste tyskspråklege landet i verda og er i areal på storleik med Møre og Romsdal fylke.

Liechtenstein er eit konstitusjonelt monarki og eit fyrstedøme. I fleire hundre år har makta gått i arv frå son til son. Det er fyrsten som bestemmer kven som skal sitje i regjeringa. Han vel dommarar, og han kan leggje ned veto mot lovforslag. Nasjonalforsamlinga blir vald av folket. Liechtenstein er det einaste landet i Europa der monarken enno har konstitusjonell rett til å løyse opp nasjonalforsamlinga. Som det siste landet i Europa innførte Liechtenstein stemmerett for kvinner i 1984. Landet er blitt kritisert for den manglande demokratiske utviklinga og den store makta som ligg hos fyrsten, og for å vere eit skatteparadis.

Fyrstedømet Liechtenstein blei etablert i 1719. Som del av det tysk-romerske riket bestemte keisar Karl 6. at to grevskap skulle slåast saman og bli opphøgde til eitt fyrstedøme, eigd av familien Liechtenstein. Etter at det tysk-romerske riket blei oppløyst i 1806, blei Liechtenstein som suveren stat ein del av Rhinforbundet, og seinare Det tyske forbundet frå 1815 til 1866. Sidan har landet vore ein uavhengig og sjølvstendig stat. Fram til slutten av første verdskrigen var landet økonomisk nært knytt til Austerrike. Etter dette har Sveits vore den nærmaste samarbeidspartnaren. Liechtenstein var nøytral både under første og andre verdskrigen.

Liechtenstein er eit rikt land. Økonomien er nært knytt til Sveits, og Liechtenstein og Sveits har felles toll-, post-, mynt- og utanriksvesen. Mange utanlandske firma er registrerte i Liechtenstein og Sveits på grunn av gunstige skattemessige reglar.

Tradisjonell næringsverksemd i Liechtenstein har vore fedrift, vinproduksjon og fruktdyrking. Etter andre verdskrigen har landet gått frå å vere eit landbrukssamfunn til å bli eit industrialisert samfunn. Utanlandske selskap som er registrerte i Liechtenstein, utgjer ei viktig inntektskjelde.

Liechtenstein har vore medlem av Europarådet sidan 1978 og FN sidan 1990. Landet er saman med Sveits, Noreg og Island ein av dei fire medlemene i Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA) og er medlem av EØS.

Hans Adam 2. tok over regjeringsmakta i 1984 og blei fyrste og statsoverhovud i 1989. I 2004 overlét han regjeringsmakta til sonen Alois av Liechtenstein, men heldt på fyrstetittelen. Statsminister sidan 2013 er Adrian Hasler.

Kjelder

«Liechtenstein», globalis.no, sist oppdatert 17.6.2015: http://www.globalis.no/Land/Liechtenstein [lesedato 4.7.2017]

Nils Petter Thuesen: «Liechtenstein», snl.no, sist oppdatert 23.4.2015: https://snl.no/Liechtenstein [lesedato 4.7.2017]

Verdsbanken om Liechtenstein, data.worldbank.org: http://data.worldbank.org/country/li [lesedato 4.7.2017]

Peikarar

Statistikk for Liechtenstein, globalis.no 

Først publisert: 05.08.2017
Sist oppdatert: 10.08.2017