Hopp til innhold
Linnea Myhre. Foto: Guro Beitohaugen. Nytta etter avtale.
Linnea Myhre. Foto: Guro Beitohaugen. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Linnéa Myhre

Linnéa Myhre, påverkar, bloggar og forfattar som er ei viktig stemme for sin generasjon. Ho er eit førebilete for mange unge med sine ærlege tekstar om psykisk helse, eteforstyrringar og kroppspress.

Linnea Solli Myhre er fødd 16. april 1990 i Molde og bur i Oslo. Ho gjekk Molde videregående skole i 2006–09.

I 2006 oppretta Myhre sin eigen blogg, og ho fekk raskt mange lesarar. Her skreiv ho om eigne personlege utfordringar, ikkje minst om korleis det er å leve med eteforstyrringar. Trass i at ho var ein av dei mest lesne bloggarane, med 30 000 daglege lesarar, la ho ned bloggen i 2012. Ho opna bloggen igjen i 2016, men no med meir sporadiske oppdateringar. Ho er òg ein viktig påverkar for norsk ungdom gjennom kontoane sine på Instagram og YouTube.

I 2012 gav Myhre ut den sjølvbiografiske dagbokromanen Evig søndag. Boka følgjer Linnéa Myhre gjennom eit år, der ho skildrar eit liv med depresjonar og eteforstyrring. Eit viktig motiv i boka er korleis Myhre erkjenner at ho treng hjelp, og lesaren får vere med i møtet hennar med psykiatrien. Hausten 2019 vart teaterframsyninga Evig søndag sett opp på Teateret Vårt i Molde.

Brevromanen Kjære (2014) handlar om kor viktig det er å verte likt og sedd av dei rundt seg. Myhre krinsar rundt korleis det er å leve med eteforstyrring. Romanen Hver gang du forlater meg (2016) handlar om sjølvoppteken kjærleik og kjærleikssorg. I 2019 kom Meg, meg, meg. Hovudpersonen i romanen prøver å finne seg sjølv i ei tid og eit samfunn der jaget etter det vakre og sunne har teke overhand.

Myhre er ei viktig stemme for sin generasjon. Ho er eit førebilete ved å vere direkte og ærleg om psykisk helse, eteforstyrringar og kroppspress. Dette er utfordringar som ungdom og unge vaksne i Noreg kjenner godt til. I 2012 fekk ho Tabuprisen frå Rådet for psykisk helse for boka Evig søndag, og Hver gang du forlater meg vart kåra til Årets bok hos ARK i 2016.

Kjelder

E-post frå Linnéa Myhre 19.8.2019

Camilla Norli: «Linnéa Myhre: – Redd for å få barn – og føler på presset for å ta botox», vg.no, publisert 19.6.2019: https://www.vg.no/rampelys/bok/i/0nr5Eo/linnea-myhre-redd-for-aa-faa-barn-og-foeler-paa-presset-for-aa-ta-botox [lesedato 11.7.2019]

Peikarar

Bloggen til Linnéa Myhre, linniiie.com

Linnéa Myhre sin YouTube-kanal, youtube.com

Først publisert: 11.11.2019
Sist oppdatert: 12.11.2019