Hopp til innhold
X
Innhald

Toni Morrison

Toni Morrison (Chloe Anthony Wofford Morrison), amerikansk forfattar som gav litterær form til afro-amerikanske erfaringar i USA. Få forfattarar har hatt meir å seie for dei svarte sin posisjon i moderne amerikansk litteratur. Ho fekk nobelprisen i litteratur i 1993.

Toni Morrison var fødd 18. februar 1931 i Ohio og døydde 5. august 2019 i New York. Ho tok ein bachelorgrad i humanistiske fag ved Howard University i 1953 og ein mastergrad ved Cornell University i 1955.

Morrison underviste i humanistiske fag ved Texas Southern University frå 1955 til 1957, og seinare ved Howard University frå 1957 til 1964. I 1965 byrja ho som redaktør i forlaget Random House, der ho arbeidde fram til 1983. Ho byrja då å undervise i skapande skriving, først ved State University of New York (1984–89), seinare ved Princeton University (1989–2006). Samstundes skreiv ho nokre av dei viktigaste romanverka i moderne amerikansk litteratur.

Morrison debuterte med den korte romanen The Bluest Eye i 1970. Det store gjennombrotet kom med romanen Song of Solomon (1977), medan Beloved (1987), Jazz (1992) og Paradise (1998) var verk som sikra henne ein posisjon blant dei fremste romanforfattarane i verdslitteraturen. Morrisons siste roman, God Help the Child, kom i 2015. Ho skreiv også ei lang rekkje engasjerte essay og solide artiklar, der ho drøfta og problematiserte litterære og politiske emne, men også utfordra lesaren. Ho skreiv dessutan nokre få, men svært sterke noveller, i tillegg til fleire barnebøker saman med sonen Slade Morrison (1965–2010).

Toni Morrison i 2008. Foto: Angela Radulescu på flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Toni Morrison i 2008. Foto: Angela Radulescu på flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Særleg i romanane har Morrison vist fram det rike mangfaldet og den djupe urettferda overfor den afro-amerikanske befolkninga i USA. I eventyrlege, men også realistiske historier skildrar ho svarte sine liv frå slavetida og heilt inn i vår tid, og særleg har ho vist fram vilkåra som svarte kvinner har levd under. Den litterære stilen hennar er poetisk og musikalsk, men også politisk og ofte brutal. Litteraturen hennar konfronterer lesaren, for å utfordre normer og førestillingar knytte til rase, kjønn og klasse i samfunnet. Novella «Recitatif» (1983) er eit godt døme på det. Der held Morrison attende informasjon om hudfargen til hovudpersonane sine, slik at lesaren blir sett til å reflektere over sine eigne fordommar. Men Morrisons litteratur kan òg gi trøyst, og når ho flettar inn eventyr, songar, mytar og anna stoff frå den afro-amerikanske kulturarven i forteljingane sine, skaper ho forståing og samkjensle på tvers av generasjonar og skilje i samtida.

Romanen Beloved blei filmatisert i 1998, med Oprah Winfrey i hovudrolla. I 2019 hadde dokumentarfilmen Toni Morrison. The Pieces I am premiere.

Morrison har fått ei lang rekkje prisar, æresprisar, medaljar og ordenar. Fremst blant dei står nobelprisen i litteratur, som ho fekk i 1993. Ho var då den første svarte kvinna som fekk prisen. Før det hadde ho mellom anna fått National Book Critics Circle Award for Song of Solomon i 1977 og Pulitzer-prisen for Beloved i 1988. Ho var òg æresdoktor ved fleire universitet rundt om i verda, også ved Universitetet i Oslo, i 1994. I 2010 blei ho innlemma som offiser i den franske Æreslegionen, og i 2012 fekk ho Presidential Medal of Freedom av dåverande president Barack Obama.

Kjelder

Jon Haarberg, Tone Selboe og Hans Erik Aarset: Verdenslitteratur. Den vestlige tradisjon. Oslo 2007

«Toni Morrison» i Encyclopedia Britannica, britannica.com: https://www.britannica.com/biography/Toni-Morrison [lesedato 11.12.2019]

«Toni Morrison», forfattarside, aschehoug.no: https://www.aschehoug.no/Forfattere/Vaare-forfattere/Toni_Morrison [lesedato 9.11.2019] 

Universitetet i Oslo: «Æresdoktorer ved Universitetet i Oslo 1991–1997», uio.no, sist oppdatert 20.5.2010: https://www.uio.no/om/tall-og-fakta/aresdoktorer/tidligere-aresdoktorer/1991-1997/ [lesedato 9.11.2019]

Peikarar

The New York Times: «Remembering Toni Morrison, An Iconic American Author», kort videoportrett, youtube.com

Lydopptak av Toni Morrisons takketale då ho fekk nobelprisen i litteratur i 1993, youtube.com

Édouard Louis: «Toni Morrison remembered by Édouard Louis: 'Her laugh was her revenge against the world'», minneord, theguardian.com

Først publisert: 14.01.2020
Sist oppdatert: 18.02.2020