Hopp til innhold
X
Innhald

Percy Bysshe Shelley

Percy Bysshe Shelley, engelsk diktar. Han var sentral i den andre generasjonen av engelske romantikarar tidleg på 1800-talet og kjend for sin typisk romantiske livsstil.

Percy Bysshe Shelley var fødd 4. august 1792 i Warnham, Sussex og døydde 8. juli 1822 i Italia. Han gjekk på prestisjeskulen Eton frå 1804 til 1810, då han starta studiar på University College i Oxford. Han vart kasta ut den følgjande våren, etter å ha publisert den religionskritiske pamfletten «The Necessity of Atheism».

Åra etter Oxford levde Shelley eit rastlaust liv på reisefot i heimlandet, ofte i pengetrøbbel og i krangel med faren. Han var gift, først med Harriet Westbrook og så, etter sjølvmordet hennar i 1816, med Mary Wollstonecraft Godwin. I 1818 flytte Shelley-familien til Italia, der dei vart verande fram til han døydde i ei båtulukke i Speziabukta i 1822.

Det særmerkte for Shelleys lyrikk er eit kraftfullt, romantisk biletspråk i stilsikker poetisk form. Til liks med samtidige poetar som Keats og Byron hadde han eit brennande politisk engasjement, som gjennomsyrer mykje av lyrikken hans. Han var ikkje særleg kjend i samtida, mellom anna fordi dei strenge sensurlovene i England gjorde at mange av verka hans ikkje vart publiserte medan han levde. Etter at han døydde, vart kona Mary heilt sentral i å spreie ektemannen sin poesi, og det var ho som redigerte den første samlinga av dikta hans, Poetical Works (1839).

Sjølv om dei stuttare dikta hans, til dømes «To a Skylark», «Sonnet: 'Lift not the painted veil ...'», «To –» («Music, when soft voices die»), «Music, when Soft Voices die» og «Ode to the West Wind» er dei som oftast vert lesne og siterte, er dei lengre lyriske verka hans like viktige i forfattarskapen. Desse inkluderer Queen Mab (1813), Prometheus Unbound (1820), Adonaïs (1821) og det uferdige «The Triumph of Life» (publisert 1824).

Oppvekst

Shelley voks opp på familieeigedomen Field Place nær Horsham i Sussex, som arving til både formuen og adelstittelen til bestefaren. Han hadde ingen gode erfaringar med skulevesenet: Både på Syon House Academy (1802–04) og Eton vart han mobba og utsett for vald av dei andre elevane. Han kom til å sjå på erfaringane sine herifrå som symptomatiske for det engelske samfunnet, der dei rike og sterke uhindra kunne utnytte dei som var svakare. Desse erfaringane var utan tvil med på å vekkje det politiske engasjementet hans.

I 1810 fekk den unge Shelley publisert dei første verka sine, den gotiske romanen Zastrozzi og to mindre diktsamlingar. Allereie i Oxford hadde produksjonen hans vorte sterkt politisk farga, og han beundra sterkt den liberale tenkjaren William Godwin, som seinare vart svigerfar hans. Utkastinga frå Oxford og giftarmålet hans med Harriet Westbrook hausten 1811 gjorde at faren stoppa pengeoverføringane til son sin.

Diktar og aktivist

Våren 1812 var Shelley sju veker i Dublin, der han dreiv kampanje for å eggje irane til kamp for sjølvstende frå Storbritannia. Han publiserte polemiske skrift og tiltrekte seg merksemda til styresmaktene i heimlandet. Sidan flytte han til Devon, der han mellom anna skreiv «A Letter to Lord Ellenborough», til forsvar for trykkjefridomen, og den satiriske balladen «A Devil's Walk», eit kvast angrep på «den hjernelause» kong Georg 3. og son hans, prinsregenten. Samstundes skreiv han på «Queen Mab» (1813), som vart det første store poesiverket hans. Også dette verket eggja til politisk reform.

Dei neste åra modna poeten Shelley, og dei romantiske kjerneemna som døden og individet vart viktigare, for han sjølv aktualiserte av sjølvmorda til den første kona, Harriet, og den nye svigersystera Fanny, og av hans eiga dårlege helse. Han skreiv dikt som «Mont Blanc», «Hymn to Intellectual Beauty» og «Ozymandias», som har eit meir romantisk og abstrakt innhald enn dei politiske dikta. Samstundes heldt han fram med å skrive polemiske skrift så lenge han budde i England.

Italia

Shelley, kona Mary og borna deira, svigerinna Claire og dotter hennar, Allegra, reiste alle til Italia i 1818, motiverte av Shelley si dårlege helse, avsmaken hans for England og at Allegra skulle få sjå far sin, Lord Byron. Men dei første åra utanlands vart slitsame og sorgfulle. Dei flytta minst 17 gonger og begge dei små borna til Shelley døydde av sjukdom. Sorga og håpløysa kjem til syne i mange av Shelley sine mest kjende dikt, til dømes i «Stanzas Written in Dejection, near Naples», «Sonnet: 'Lift not the painted veil ...'» og «Lines Written Among the Euganean Hills», og dessutan det elegiske «Adonaïs».

I «To a Skylark» bruker han lerka for å illustrere diktaren si umoglege oppgåve med å skildre det som ikkje kan skildrast. Det uferdige «The Triumph of Life», eit langt, narrativt dikt, modellert etter Dantes Den guddommelege komedien, granskar kjernen av livet og røyndomen med diktarfilosofen Rousseau som den sentrale figuren.

Livsstil og idealisme

Shelley sine verdiar og personlege val var svært radikale for si tid og var medverkande til at han aldri vart særleg kjend i si eiga levetid. Han argumenterte ofte for fri kjærleik og praktiserte polygami i fleire periodar. Frå 1812 var han vegetarianar, noko han argumenterte for fleire gonger, mellom anna i «A Vindication of Natural Diet» frå 1813. Med sin bohemliknande livsstil i Italia vert han ofte sett i samanheng med Byron og Keats, altså som ein av dei arketypiske engelske romantikarane.

Politisk var Shelley svært liberal og kjempa for utjamning i det strengt klassedelte engelske samfunnet. Eit viktig særtrekk ved den politiske oppfatninga hans er at han oppmoda til ikkje-valdeleg opprør, noko som seinare inspirerte profilerte ikkje-valdsfolk som Henry David Thoreau og Mahatma Gandhi. «The Masque of Anarchy» frå 1819 vert ofte rekna som den første moderne teksten som oppmodar til ikkje-valdeleg motstand, med linjer som «Stand ye calm and resolute, / Like a forest close and mute, / With folded arms and looks which are / Weapons of an unvanquished war».

Kjelder

Theresa Kelley: «Life and biographies» i T. Morton (red.): The Cambridge Companion to Shelley. Cambridge 2006

Donald H. Reiman and James Bieri: «Shelley and the British Isles», i M. O'Neill and A. Howe (red.): The Oxford Handbook of Percy Bysshe Shelley. Oxford 2013

William Axon: Shelley's Vegetarianism, London 1891: https://archive.org/stream/shelleysvegetari00axonuoft#page/n1/mode/2up [lesedato 28.8.2014]

Mathilde Blind et al.: «Printing and Attempts to Circulate 'The Devil's Walk'». Romantic Circles, University of Maryland: http://www.rc.umd.edu/editions/shelley/devil/Printing.html [lesedato 28.8.2014]

Mark Sandy: «Percy Bysshe Shelley». The Literary Encyclopedia, publisert 7.7.2001: http://www.litencyc.com/php/speople.php?rec=true&UID=4050 [lesedato 28.8.2014] (tilgjengeleg med passord)

Mark Sandy: «Percy Bysshe Shelley: The Cenci». The Literary Encyclopedia, publisert 25.8.2004: http://www.litencyc.com/php/sworks.php?rec=true&UID=1290 [lesedato 28.8.2014] (tilgjengeleg med passord)

Mark Sandy: «Percy Bysshe Shelley: The Triumph of Life». The Literary Encyclopedia, publisert 20.9.2002: http://www.litencyc.com/php/sworks.php?rec=true&UID=7981 [lesedato 28.8.2014] (tilgjengeleg med passord)

Carl Stahmer: «The Percy Bysshe Shelley Chronology», Romantic Circles, University of Maryland: http://www.rc.umd.edu/reference/chronologies/shelcron [lesedato 28.8.2014]

Peikarar

Nettstaden til The Shelley-Godwin Archive

Først publisert: 18.08.2015
Sist oppdatert: 18.08.2015