Hopp til innhold
Roald Dahl, foto tatt 20.4.1954. Foto: Carl Van Vechten, kjelde: Library of Congress, Prints & Photographs Division, Carl Van Vechten Collection (biletnr.: LC-USZ62-120746). Ingen kjende restriksjonar.
Roald Dahl, foto tatt 20.4.1954. Foto: Carl Van Vechten, kjelde: Library of Congress, Prints & Photographs Division, Carl Van Vechten Collection (biletnr.: LC-USZ62-120746). Ingen kjende restriksjonar.
X
Innhald

Roald Dahl

Roald Dahl, verdskjend forfattar av romanar, dikt og noveller for born og vaksne. Forteljingane hans er kjenneteikna av humor og overraskande vendingar.

Roald Dahl var fødd 13. september 1916 i Llandaff (no ein del av Cardiff) i Wales og døydde 23. november 1990 i Oxford i England. Foreldra var norske, og Dahl og syskena hans snakka norsk heime og ferierte i Noreg kvar sommar. Han fekk utdanninga si på kostskular i England, tenestegjorde i flyvåpenet og seinare i diplomatiet i Washington D.C. under andre verdskrigen. I 1954 flytta han til Great Missenden i England, der han budde og livnærte seg som forfattar fram til han døydde.

Dahl var 1,98 meter høg og god i sport som ung, men treivst ikkje på skulen. Åra på kostskule (1925–34) var prega av heimlengsel og vald, og han tok seinare avstand frå fysisk avstraffing av born. Skuletida i England er skildra i den sjølvbiografiske boka Gutt.

Valdelege og slemme born og vaksne finst det òg mange av i barnebøkene til Dahl. Felles for dei er at dei alltid får si velfortente straff. «Hemnen er søt»-motivet går att også i novellene for vaksne, som ofte har ein makaber og overraskande slutt. Latteren er likevel aldri langt unna. Forfattarskapen til Dahl er kjenneteikna av ein utprega sans for mørk humor og barnlege skøyarstrekar.

Roald Dahl gav ut sytten romanar og tre diktsamlingar for born, og to romanar og om lag seksti noveller for vaksne. Han gav òg ut fleire memoarbøker. Dei aller fleste bøkene blei skrivne i skrivehytta i hagen heime i Great Missenden.

Dahl er blant dei mest kjende og lesne barnebokforfattarane i verda. Barnebøkene hans er omsette til nær 60 språk og kjem i stadig nye opplag og utgåver. Dei fleste av dei er filmatiserte, med stort hell. Ikkje minst gjeld dette filmane som er baserte på Den fantastiske Mikkel Rev (2009), Charlie og sjokoladefabrikken (1971 og 2005), Matilda (1996) og Heksene (1990). Også fleire av novellene for vaksne er filmatiserte for fjernsynet.

Kontroversiell og elska

Roald Dahl var ein kontroversiell forfattar då han levde. Ei rekkje bibliotekarar og kritikarar meinte at barnebøkene hans var vulgære og lite politisk korrekte. Overvektige born og vaksne kjem til dømes sjeldan heldig ut av det. Slemme folk har som regel også ein hesleg utsjånad og låg intelligens. Dahl blei òg skulda for å vere kvinnefiendtleg og rasistisk.

Sjølv brydde ikkje Dahl seg om kva vaksne «tanter» meinte om barnebøkene hans, han skreiv for born. Og dei elska bøkene hans, det viste både boksalet og dei tilbakemeldingane Dahl fekk frå born.

Ein viktig grunn er at Dahl ser verda frå borna sin ståstad. I bøkene hans er hovudpersonen nesten alltid eit barn med vanskar på heimebane. Barnet er ofte foreldrelaust (SVK, Heksene, Verdens største fersken), men kan òg kome frå enkle kår (Charlie og sjokoladefabrikken, Danny og den store fasanjakten) eller ha fryktelege foreldre (Matilda).

Felles for borna er at dei er snille og smarte og møter vanskane sine med eit kreativt og ope sinn. Fleire av dei får òg magiske krefter. Dei vaksne hovudpersonane til Dahl, til dømes reven i Den fantastiske Mikkel Rev og Hoppy i Eddap Liks, er lure.

Dahl er heile vegen på parti med hovudpersonane sine, og gir dei det dei drøymer om, anten det er hemn over slemme autoritetspersonar, godteri eller ein vaksen som er glad i dei.

Tapserfaringar

Fleire av borna i barnebøkene til Dahl har mist nokon i den nære familien. Dette var noko Dahl hadde personleg erfaring med. Både far hans og ei syster døydde av sjukdom då han var tre år gamal. Dahl hadde livet ut eit nært forhold til mor si og dei tre attlevande systrene. Han hadde òg to eldre halvsysken frå det første ekteskapet til faren.

Roald Dahl og kona Patricia Neal fotografert 20.4.1954. Foto: Carl Van Vechten, kjelde: Library of Congress, Prints & Photographs Division, Carl Van Vechten Collection (biletnr.: LC-USZ62-103964). Ingen kjente restriksjonar.

Roald Dahl og kona Patricia Neal fotografert 20.4.1954. Foto: Carl Van Vechten, kjelde: Library of Congress, Prints & Photographs Division, Carl Van Vechten Collection (biletnr.: LC-USZ62-103964). Ingen kjente restriksjonar.

Dahl fekk sjølv fem born med den første kona si, Patricia Neal. I 1960 blei sonen deira hardt skadd i ei ulykke. To år seinare blei familien ramma av ein ny tragedie, då eldstedottera døydde av meslingar berre sju år gamal. Dahl miste òg ei stedotter i sjukdom i det andre ekteskapet sitt, med Felicity Crosland.

Dahl var ein forkjempar for vaksinering av born og støtta òg fleire andre hjartesaker økonomisk gjennom ei stifting, mellom anna lese- og skrivedugleik og forsking på blodsjukdomar. Han hadde sjølv ein blodsjukdom som han døydde av. Stiftinga heiter i dag Roald Dahl's Marvellous Children's Charity og gir støtte til born med sjeldne sjukdomar.

Kjelder

Donald Sturrock: Storyteller. The Authorized Biography of Roald Dahl. New York 2010

Jeremy Treglown: Roald Dahl. A Biography. New York 1994

Peikarar

Offisiell nettside på engelsk

Bibliografi over norske omsetjingar

Bibliografi over engelske originaltitlar

Først publisert: 31.12.2016
Sist oppdatert: 21.02.2017