Hopp til innhold
Måleri av William Shakespeare, truleg måla av John Taylor (1600–1610).
Måleri av William Shakespeare, truleg måla av John Taylor (1600–1610).
X
Innhald

William Shakespeare

William Shakespeare, den største og mest kjende engelske diktaren og skodelspelforfattaren, har hatt ei påverkingskraft ulik nokon andre innanfor litteraturen dei siste fire hundre åra.

William Shakespeare var døypt 26. april 1564 (fødselsdatoen er ikkje kjend) i Stratford-upon-Avon i England og døydde same staden 23. april 1616.

 

Shakespeare kom til London i slutten av 1580-åra. Der blei han skodespelar, forfattar og investor, etter kvart i teaterkompaniet som først heitte «The Lord Chamberlain’s Men», seinare «The King’s Men». Frå byrjinga av 1590-åra og framover skreiv han til saman 38 skodespel og mange dikt, som gjorde han kjend både i samtida og i ettertida. Blant dei mest kjende er Romeo og Julie, Hamlet og Stormen, og dessutan ei samling med 154 sonettar.

 

Shakespeare var nok meir kjend og omtykt for dikta sine enn for skodespela, sidan skodespel var sett på som lågkultur samanlikna med den opphøgde diktekunsten.

 

Seinare er det skodespela som har hatt størst innverknad. Dei blir framleis oppførte og lesne over heile verda, på ei mengd ulike språk. Dei blir framførte på amatørteater så vel som på dei største teaterscenene, og dei blir filmatiserte. I tillegg er mange Shakespeare-stykke modellar for adaptasjonar, til dømes West Side Story (som er laust basert på Romeo og Julie) og The Lion King (Hamlet). Shakespeare sine dikt og teaterstykke har også prega språk og litteratur (spesielt den engelske) på måtar som knapt kan målast. Alt frå uttrykk ein brukar i kvardagen, til tallause referansar, allusjonar, parodiar og imitasjonar i kunsten peikar tilbake til verka til mannen frå Stratford, som Ben Jonson kalla «The Swan of Avon».

 

Liv

Shakespeare var son av John Shakespeare, ein hanskemakar og oldermann i Stratford, og Mary Arden, som var av velståande bondeslekt. Han gjekk sannsynlegvis på «grammar school» i Stratford og lærte latin, grammatikk og retorikk der. Som attenåring gifta han seg med Anne Hathaway. Ho var sju år eldre enn han sjølv, og saman fekk dei tre barn: Susanna, Hamnet og Judith. Etter åra i London trekte han seg tilbake til Stratford i 1613 for å vere saman med familien, kona og dei to døtrene. Sonen Hamnet døydde som elleveåring i 1596. Shakespeare sjølv døydde på St. George’s Day, 23. april 1616. Ifølgje tradisjonen var 23. april også fødselsdagen hans, men eigentleg veit vi berre at han var døypt 26. april.

 

Skodespel

Shakespeare starta karrieren sin som skodespelar, men han må tidleg ha vist eit talent for skriving, for namnet hans finst knytt til teaterstykke alt frå rundt 1590. I byrjinga skreiv han komediar og historiespel. Han heldt fram med å skrive slike stykke gjennom heile livet, og Henrik 5., Ein midtsumarnattsdraum og Stormen er nokre av dei viktigaste. Men aller mest kjend er han nok for tragediane, til dømes Romeo og Julie, Kong Lear, Antonius og Kleopatra, Othello, Macbeth og Hamlet.

 

Shakespeare fann inspirasjon, struktur og innhald til verka sine mange stader. Sjølve forteljingane i skodespela kjem frå svært mange ulike kjelder. Han fann dei i historiebøker, i mytar og legender, i skodespel skrivne av andre (både engelske, italienske og klassiske greske og romerske stykke), i dikt og i romanseforteljingar. Berre to–tre av skodespela han skreiv, har heilt eller nesten heilt originale plot.

 

Strukturen og stilen i verka høyrer til i to litterære rammer: renessansen og den engelske mellomalderen. I renessansen såg ein på klassiske greske og romerske skodespel og dikt som det gjævaste og beste, og det var vanleg at ein imiterte skrivemåtar, biletbruk, tematikk og anna frå denne perioden. Alle stykka til Shakespeare er sprengfulle av referansar til antikken, og gresk mytologi står i ei særstilling, via diktarar som Ovid og dramatikarar som Seneca. Romersk historie er òg viktig, til dømes i stykket Julius Caesar.

 

Gresk og romersk dramatikk hadde strenge sjangerreglar, men det ser ikkje ut til at desse reglane var så viktige for Shakespeare eller andre dramatikarar i England rundt 1600. I staden var engelske kristelege middelalderskodespel ein viktigare modell for korleis eit stykke kunne byggjast opp. Shakespeare blanda gjerne sjangrar som komedie og tragedie på måtar som ikkje var vanlege utanfor England.

 

Somme av stykka hans kom på trykk medan han levde, ikkje alltid i plettfrie eller offisielle utgåver. Først i 1623 kom ei samleutgåve med alle stykka (så nær som to som er blitt lagde til seinare), den såkalla First Folio.

 

Dikt

I London var teatera ofte stengde på grunn av utbrot av pest. I desse periodane la teaterkompania gjerne ut på turné på landsbygda. Det kan ha vore i slike periodar at Shakespeare skreiv dei 154 sonettane (ein sonett er eit dikt på 14 linjer med eit fast rimmønster). Dei kom ut i samling i 1609 og blei svært populære. Desse dikta er vigde til kjærleiken, etter ein italiensk renessansemodell. 126 av sonettane er dediserte til ein ung mann, resten til ei «mørk» kvinne. Dei er mykje omdiskuterte, på grunn av tvitydig biletbruk, uklare omstende rundt dediseringa til den mystiske «W.H.» og om Shakespeare hadde godkjent utgivinga. Mange spekulerer i om dikta handlar om homoseksuell kjærleik, om eg‑personen er identisk med diktaren, kven «the dark lady» er, og mykje anna. Shakespeare skreiv òg eit lite knippe dikt i andre sjangrar.

 

Shakespeare og nynorsk

Mange sentrale nynorskdiktarar har omsett Shakespeare, både på trykk og for teater. Ivar Aasen omsette delar av Hamlet til landsmål alt i 1850-åra. Olav Madshus var den første som omsette eit heilt stykke til landsmål (Macbeth, 1901). I 1932–33 gav Henrik Rytter ut sine omsetjingar i ti bind. Etter krigen og i nyare tid har Halldis Moren Vesaas og Edvard Hoem hatt stor suksess med omsetjingane sine for Det Norske Teatret og Teateret Vårt.

 

Blant det som har vore skrive på nynorsk i tradisjon etter Shakespeare, står nok Olav H. Hauge sine sonettar i ei særstilling, men Shakespeare har heilt klart hatt stor innverknad på nynorskfeltet og norsk litteratur og kultur i det heile.

 

Kjelder

Stanley Wells: Shakespeare for alle tider. Oslo 2003

Jonathan Bate: Soul of the Age. The Life, Mind and World of William Shakespeare. London 2008

 

Peikarar

Kristian Smidt: «William Shakespeare», Store norske leksikon, snl.no 

«William Shakespeare», biography.com 

Paul Edmondson og Stanley Wells: Shakespeare bites back. Not so anonymus (Skreiv Shakespeare Shakespeare?)

Først publisert: 04.12.2017
Sist oppdatert: 15.01.2018