Hopp til innhold
Utsnitt av statue av Dante i Piazza Santa Croce i Firenze, Italia.
Utsnitt av statue av Dante i Piazza Santa Croce i Firenze, Italia.
X
Innhald

Dante Alighieri

Dante Alighieri, italiensk diktar. Han skreiv Den guddommelege komedien, eit av dei viktigaste einskildverka i verdslitteraturen.

Dante Alighieri var fødd i mai-juni 1265 i Firenze og døydde 13. eller 14. september 1321 i Ravenna. Han voks opp i Firenze, men elles veit vi lite om utdanninga hans, anna enn at han hadde stor appetitt på bøker og tidleg vart interessert i poesi og romersk litteratur.

Dante var trena i krigføring og kjempa i slaget ved Campaldino i 1289 mellom guelfarane og ghibellinarane, to familiar som kjempa om makta i området. Rundt 1295 vart han involvert i det politiske livet i Firenze, der han steig i gradane, fram til han i 1300 var del av øvsterådet, som tok politiske avgjerder i byen. Då det skjedde eit maktskifte i 1301–02, vart han lyst i bann, og han levde resten av livet i eksil ulike stader i Italia.

Det sentrale verket i forfattarskapen til Dante er Divina Commedia («Den guddommelege komedien»), som han arbeidde på frå om lag 1308 til rett før han døydde i 1321. Dei tre delane, Helvete, Skjærselden og Paradiset vart utgitt kvar for seg medan han levde og samla til eitt verk av sonen hans rett etter at Dante var død. Det uttrykksfulle språket, den imponerande poetiske forma og den fascinerande koplinga mellom teologi, historie og personlege forhold har sikra verket ein heilt sentral plass i litteraturhistoria. I Italia var diktet så dominerande i tida etter Dante sin død at språkforma hans vart etablert som standardforma for italiensk skriftspråk.

Andre viktige arbeid er det første store diktverket hans, La Vita Nuova («Det nye livet»), og De Monarchia, eit kontroversielt, polemisk skrift som tok for seg forholdet mellom sekulær og geistleg makt.

Livet i Firenze

Dante voks opp i ein rimeleg velståande familie sentralt i Firenze, men vart foreldrelaus ein gong i tenåra. Ni år gamal trefte han Beatrice (etternamnet er usikkert) første gongen. Ho vart hans livslange, uoppfylte kjærleik. Som 11-åring vart han trulova med Gemma Donati, som han sidan gifta seg med, og som han fekk fleire born med.

18 år gamal skreiv han dei første sonettane, som han sende rundt til dei framståande diktarane i byen. Slik vart han kjend med Guido Cavalcanti, den gåverike venen som òg vart ein poetisk mentor for han. I diktsamlinga La Vita Nuova, samla rundt 1293, fortel Dante i dikt og prosa historia om den idealiserte kjærleiken til Beatrice, som hadde døydd i 1290, berre 24 år gamal.

Dei rådande guelfarane var delte i to fraksjonar, dei svarte og dei kvite, og Dante høyrde til dei kvite. Høgdepunktet i den politiske karrieren hans var sommaren 1300, då han sat i øvsterådet i byen. På denne tida kom det til vald att i byen, og seks av fraksjonsleiarane vart bannlyste. Då denne avgjerda vart oppheva for dei kvite leiarane, vart pave Bonifatius 8., som støtta dei svarte, harm. I 1301 gav han ein fransk hær løyve til å gå inn i Italia. Ein delegasjon, der Dante var med, vart send til Roma for å overtale paven til å snu, men medan Dante vart halden att i Roma, gjekk hæren og dei svarte guelfarane inn i Firenze, og Dante vart bannlyst og sidan dømd til døden in absentia.

Diktar i eksil

Dei siste nitten åra sine levde Dante i eksil. Dei første ti åra reiste han mykje i kring og budde mellom anna i Forlì, Arezzo, Padua, Venezia og Lucca, før han slo seg ned i Verona i 1312, og endeleg i Ravenna i 1319, der han døydde to år seinare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gravmonument for Dante i Firenze. Men han er gravlagt i Ravenna, der han døydde i 1321. Foto: Percy, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Gravmonument for Dante i Firenze. Men han er gravlagt i Ravenna, der han døydde i 1321. Foto: Percy, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Det første viktige eksilverket hans var De vulgari eloquentia («Om talekunst på folkemålet»), som vart eit viktig verk for å etablere den folkelege italiensken som eit fullverdig alternativ til latin. Her argumenterer han for ein idealisert italiensk høgstil, noko han i praksis går bort frå i Divina Commedia, som har ein svært brei og variert språkbruk. Sidan skreiv han den kontroversielle De Monarchia, der han hevda at keisaren ikkje trong støtte frå paven, men fekk makta si direkte frå Gud. Verket vart forbode av Vatikanet, eit forbod som stod ved lag heilt fram til 1900-talet.

Den guddommelege komedien

Dante sitt hovudverk omfattar tre bøker på til saman 14 233 linjer. Det er skrive i tersinar («terza rima» på italiensk), ei verseform han sjølv skapte, med 11 stavingar på kvar linje, samanhengande grupper på tre og tre linjer, der den andre linja i éi gruppe rimar på første og tredje i den neste (ABA/BCB/. . . /xyx/y).

Handlinga i diktet følgjer Dante på ei vandring gjennom etterlivet, først blir han leidd av den romerske poeten Vergil gjennom helvetet og skjærselden, så av ungdomskjærleiken Beatrice, frå det jordiske paradiset heilt opp til visjonen av Gud i Paradis. På vegen skildrar han levande og detaljert dei avlidne han møter, og særleg skildringane frå helvetet har hatt enorm innverknad på seinare litteratur.

Språket i bøkene er eit fritt og variert toscansk språk, med innslag av ulike andre dialektar. På grunn av dominansen verket fekk i italiensk litteratur, vart Dante si form for italiensk akseptert som standardnorma, noko som gjer at omlag 80 prosent av Divina Commedia er forståeleg for italiensktalande i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Codex Severoli . Utgåve frå 1378 av Den guddommelege komedien, av Francesco di maestro Tura da Cesena. Foto: e-codices (Cologny, Fondation Martin Bodmer), Flickr.com CC BY-NC 2.0

Codex Severoli. Utgåve frå 1378 av «Den guddommelege komedien», av Francesco di maestro Tura da Cesena. Foto: e-codices (Cologny, Fondation Martin Bodmer), Flickr.com CC BY-NC 2.0

Dante på norsk

Det finst to norske omsetjingar av Den guddommelege komedien, éi i utdrag av Henrik Rytter og Sigmund Skard frå 1965 og éi fullstendig omsetjing av Magnus Ulleland frå 1996.

Fleire norske forfattarar har òg late seg inspirere direkte av Dante, mellom anna Gunnhild Øyehaug, som i slutten av Vente, blinke (2008) avslører at ei av «dei som har fortalt og vist veg», eigentleg er Dantes Beatrice. Hilde Lindset kalla den andre boka si Helvetesporten, etter Rodin sin skulptur, basert på Divina Commedia.

Kjelder

Dante Alighieri: The Divine Comedy, omsett til engelsk av Clive James. London 2013

Nick Havely: Dante. Oxford 2007

Rachel Jacoff (red.): The Cambridge Companion to Dante. Cambridge 2007

Hallvard Lie: Norsk verslære. Oslo 1967

Prue Shaw: Reading Dante. From Here to Eternity. New York / London 2014

Gunnhild Øyehaug: Vente, blinke. Oslo 2008

Klaus Johan Myrvoll: «Nynorsk Dante på lydbok», publisert hos Dag og Tid på nett 16.10.2009: http://old.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1616 [lesedato 18.8.2014]

Marta Norheim: «Skjebnestunder ved porten til helvete». Omtale av Hilde Lindset si bok Helvetesporten, publisert på nrk.no 25.06.2014: http://www.nrk.no/kultur/litteratur/hilde-lindset_-helvetesporten-1.11795674 [lesedato 18.8.2014]

Først publisert: 28.10.2014
Sist oppdatert: 20.03.2017