Hopp til innhold
X
Innhald

Fjodor Dostojevskij

Fjodor Dostojevskij (1821–1881) fornya romansjangeren med sin særeigne kombinasjon av djup psykologisk innsikt, religiøs og moralsk argumentasjon og krasse sosiale skildringar.

Medan fransk og engelskinspirert realisme og naturalisme ofte var kombinert med rasjonalistisk filosofi og religionskritikk, skapte Dostojevskij ein religiøs psykologisk realisme. Frå 1890-talet påverka han europeisk og nordisk litteratur, og mellom norske forfattarar som vart inspirerte av han, var Kinck, Hamsun, Fangen og – kanskje mest av alle – Olav Duun.

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 12.11.2019