Hopp til innhold

Bertha von Suttner

Bertha von Suttner, austerriksk forfattar og fredsaktivist, føregangskvinne for fredsrørsla og mottakar av Nobels fredspris.

Bertha von Suttner, med fødenamnet Bertha Sophia Felicita Kinsky von Chinic und Tettau, var fødd i Praha 9. juni 1843 og døydde i Wien 21. juni 1914. Ho voks opp i ein adeleg familie, med offiserar på både farssida og morssida, fekk opplæring i språk og budde heime til 30-årsalderen. Då kom eit vendepunkt. Ho flytta ut, tente som guvernante og gifta seg med ein mann som familien var imot. I 1876 flytta paret til Georgia.

I Kaukasus brukte Suttner tida til å lese vitskap og filosofi og til å skrive artiklar for austerrikske aviser. Den tyrkisk-russiske krigen førte til ei politisk oppvakning. I oppveksten hadde krig vore assosiert med ære og heltemot. No såg ho at krig førte til blod og brutalitet, og ho skreiv om elendet i En sjels inventarium (1883). Ho kom fram til at årsakene til krig ligg i ringeakt for andre grupper, og i Maskinalderen (1886) kritiserer ho både nasjonalisme og antisemittisme. Etter to debattbøker kom romanen Ned med våpnene! En livshistorie (1889), der vi følgjer hovudpersonen frå 1860 til 1870. I det tiåret gjekk det føre seg fire krigar i Europa.

I 1885 drog Suttner tilbake til Wien, og fredsarbeidet fekk internasjonalt format. Ho grunnla fredsforeiningar i Austerrike og Tyskland, heldt foredrag på fredsmøte rundt om i Europa og agiterte for fred overfor kongar og presidentar. Viktige allierte fann ho i Alfred Nobel, som ho oppmoda til å opprette ein fredspris, og Bjørnstjerne Bjørnson, som ho brevveksla med i tjue år.

Suttner meinte at krigen startar i folk sine hovud og vert utkjempa fordi samfunnet forsterkar og legg til rette for krigerske tendensar. Ho var overtydd om at oppseding og utdanning kunne skape ei betre verd, og understreka samanhengen mellom pedagogikk og politikk. Foreldre må oppdra borna i pasifistisk ånd. Politikarar må få i stand mellomstatlege avtalar, forbund og domstolar som kan sikre fredelege former for konfliktløysing. To verdskrigar seinare var det mange som tenkte det same, og som realiserte visjonane ved å opprette FN, Den internasjonale domstolen i Haag og EU.

Suttner sin optimisme fekk ein knekk på 1900-talet, då ho forstod at farlege gassar og radioaktive stoff kunne takast i bruk i krig, og ho brukte dei siste leveåra til å åtvare mot ein storkrig i Europa. Sju dagar før utbrotet av første verdskrigen døydde ho.

I 1905 fekk ho tildelt Nobels fredspris, etter å ha vore nominert fire år på rad.

Video: Dokumentarfilm om Bertha von Suttner. Tysk tale, ikkje teksta.

Kjelder

Gerd Grønvold Saue: Fredsfurien. En biografisk roman om Bertha von Suttner. Oslo 1991

Anne Synnøve Simensen: Kvinnen bak fredsprisen, Oslo 2012

Martina Haiböck: «Bertha von Suttner über Krieg und Frieden». Artikkel presentert på seminaret «Globalisering og filosofi» i Wien 2005: http://sammelpunkt.philo.at:8080/1106/1/se0405arbhaiboeck.pdf [lesedato 4.12.2016]

Peikarar

Intervju med Anne Synnøve Simensen, NRK Verdibørsen 8.12.2012 

Bertha von Suttner. Friedensnobelpreisträgerin Aus Österreich. Dokumentarfilm, tysk tale

Først publisert: 14.06.2017
Sist oppdatert: 07.09.2017