Hopp til innhold
X
Innhald

Günter Grass

Günter Wilhelm Grass var ein tysk politisk aktiv forfattar som engasjerte seg mot høgreekstremisme og kommunisme. Grass fekk nobelprisen i litteratur i 1999 og er blitt ståande som ein litterær bauta i det offentlege rommet i Tyskland. Han var òg bilethoggar, målar og grafikar, noko som har sett preg på forfattarskapen. I den siste boka hans, som kom ut etter at han døydde i 2015, tek han farvel med verda gjennom både tekstar og teikningar.

Den tyske forfattaren, bilethoggaren, målaren og grafikaren Günter Grass var fødd 16. oktober 1927 i Danzig (eller Gdansk) og døydde 13. april 2015. Foreldra dreiv matvarehandel, og Grass voks opp under enkle kår. Faren var protestant og mora katolikk, og han var særleg påverka av mora si tru.

Som femtenåring melde han seg frivillig til Wehrmacht, og som 17-åring blei han innkalla til teneste i Waffen-SS. 8. mai 1945 blei Grass teken til fange og sat fram til april året etter i amerikansk krigsfangenskap. Etter krigen blei han og familien, saman med nesten heile den tyske folkesetnaden i Danzig, drivne ut av heimbyen og kom som flyktningar til Vest-Tyskland, etter at mora var blitt valdteken av sovjetiske soldatar.

Grass gjekk i lære for å bli steinhoggar, i Düsseldorf, i åra 1947–48 og studerte så grafikk og bilethogging frå 1948 til 1956, først i Düsseldorf, så i Berlin. Han budde eit år i Paris frå 1959 til 1960, før han flytta tilbake til Berlin. Frå 1972 til 1987 budde han i Schleswig-Holstein, og siste del av livet budde han i nærleiken av Lübeck, der vi i dag finn Günter Grass-huset, eit museum til minne om Grass.

Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med lyrikk og dramatikk i 1950-åra, men gjennombrotet kom med den første romanen i Danzig-trilogien, Die Blechtrommel (norsk tittel: Blikktrommen) i 1959, som blei filmatisert i 1979. Det er òg som prosaforfattar han har fått mest merksemd. Blant dei mest lesne verka er romanane Ein weites Feld (norsk tittel: En lang historie) frå 1995, Mein Jahrhundert (norsk tittel: Mitt århundre) frå 1999, og prosatekstane Im Krebsgang (norsk tittel: I krabbegang) frå 2002 og Beim Häuten der Zwiebel (norsk tittel: Når løken skrelles) frå 2006. Han fekk nobelprisen i litteratur i 1999.

Grass som politisk aktiv forfattar

Grass var aktiv på venstresida i tysk politikk og tok stadig del i den offentlege politiske debatten, men han var kritisk både til høgreekstremisme og kommunisme. Han var ein viktig støttespelar for partiet SPD i valkampar i fleire tiår. Mellom anna skreiv han talane til SPD-politikaren Willy Brandt, som han hadde eit personleg forhold til. Brandt var borgarmeister i Vest-Berlin frå 1957 til 1966, utanriksminister i Vest-Tyskland frå 1966 til 1969 og forbundskanslar i Vest-Tyskland frå 1969 til 1974. Han fekk Nobels fredspris i 1971 for arbeidet med å betre samarbeidet mellom Aust-Europa og Vest-Europa.

I 1982 blei Grass òg medlem av SPD. Han brukte jamleg populariteten sin som forfattar som høve til å uttale seg om politiske emne.

Det var først på slutten av 1950-åra at han byrja å skrive i tillegg til å drive som grafikar, målar og bilethoggar. I desse åra debuterte han som lyrikar og dramatikar, og i 1959 som romanforfattar med Blikktrommen, det litterære gjennombrotet og det verket han nok kjem til å bli hugsa mest for. Boka er skriven som magisk realisme, noko som etter kvart blei typisk for Grass, med guten Oskar Matzerath, som aldri veks opp, som forteljar. Barneperspektivet på historiske hendingar i mellomkrigstida i Danzig er både avslørande og absurd.

Skuld som tema

«Å skrive for ikkje å gløyme» var utgangspunktet for forfattarskapen, med skuld som eit gjennomgåande tema. Tapet av heimbyen blei òg eit sentralt tema i bøkene hans. Han skreiv om nasjonalsosialismen og om delinga og så samlinga av Tyskland, om å minnast, både individuelt og kollektivt. Som 72-åring fekk han nobelprisen i litteratur for livsverket sitt, med den grunngivinga at han i «muntersvarte fablar hadde teikna historia sitt gløymde andlet». Verka hans og nærværet hans har vore svært viktig i tysk etterkrigstid. Dei viktigaste verka, i tillegg til Blikktrommen, er den såkalla «Wende-romanen» En lang historie (1995), som tek for seg heile den moderne historia til Tyskland, på 781 boksider. Her skriv han om karakterane Fonty og Hoftaller, der Fonty er ein karikatur av den tyske 1800-talsforfattaren Theodor Fontane, medan Hoftaller er ein parodi på karakteren Tallhover frå Hans Joachim Schädlichs bok Tallhover, frå 1986. I romanen går dette umake paret rundt i Berlin som to flanørar i tida omkring gjenforeininga av Aust- og Vest-Tyskland og minnest. Byen blir nytta som eit symbol for å nyste opp heile den tyske 1900-talshistoria, og så langt tilbake som til revolusjonen i 1848. Grass viser korleis historia har ein tendens til å gjenta seg ved å peike på likskapane mellom ulike typar autoritære regime. Samstundes lukkast han i å skrive om Tyskland si vanskelege historie på ein humoristisk måte. Romanen Mitt århundre (1999) fortel om det 20. hundreåret med hundre historier, der kvar historie har sin eigen forteljar, som fortel retrospektivt om opplevinga og konsekvensane av ulike historiske hendingar, krigar og ideologiar. I boka I krabbegang (2002) skildrar han skipet Wilhelm Gustloff, fylt av flyktningar, som søkk mot slutten av andre verdskrigen.

Kontroversiell og forsonande

Det var først i den sjølvbiografiske memoarboka Når løken skrelles, frå 2006, at Grass var open om at han gjorde teneste i flyvåpenet til SS under andre verdskrigen, noko som skapte negative reaksjonar i Tyskland – mange meinte at han til dømes måtte levere tilbake nobelprisen. Fordi han har vore ein så krass samfunnsdebattant, som nok kunne framstå som ein fordomsfull moralist, blei denne informasjonen vanskeleg for mange å svelgje. Han blei likevel ikkje mildare med åra. Til dømes var han svært kritisk til Israel sin atomvåpenpolitikk og Vesten si støtte til landet. I 2012 publiserte han diktet «Was gesagt werden muss» («Det som må seiast») i nettmagasinet Spiegel Online. Her hevdar han at Israel utgjer ein fare for verdsfreden. På grunn av offentleggjeringa av dette diktet blei han gjort til persona non grata i Israel. Han kritiserte vidare sitt eige tidlegare parti SPD for å svikte ideala sine, og han kritiserte politikken til Angela Merkel og media si rolle i dagens samfunn. Alt dette kom òg til uttrykk i den aller siste utgivinga hans, som kom ut etter at Grass døydde, 87 år gamal: Vonne Endlichkait (Om det endelege). Han er òg kritisk til Vesten si krigføring mellom anna i Afghanistan, i diktet «Kveldsbøn» – her attgitt i artikkelforfattars omsetjing:

Kveldsbøn

Som barn

gjorde det meg stiv av skrekk,

det som stod som parole – «Gud ser alt» –

i sütterlinskrift var han skriven på kvar ein vegg;

men no – som Gud er død –

krinsar ein drone ubemanna høgt der oppe,

som har meg i sikte,

som utan augevipper aldri søv

og lagrar alt, ikkje i stand til å gløyme.


Eg blir barnleg,

stotrar usamanhengande bøner,

vil be om å få nåde og bli tilgitt,

slik leppene mine ved sengetid

bad om avlat etter kvart syndefall.

I skriftestolen høyrer eg meg kviskre:

Å, kjære Drone,

gjer oss fromme,

så vi i din himmel får kome.

I Vonne Endlichkait er det ingen teikn til forsoning med motstandarane. Verket uttrykkjer likevel ei form for resignasjon: No er det ikkje meir forfattaren kan gjere. I lengre prosatekstar, lyriske vers og teikningar i svart-kvitt kjem han med eit siste spark. Den oppgitte haldninga er det som gir verket preg av eit siste farvel, i tillegg til at han skildrar korleis det er å bli gamal, og korleis det er å møte døden. Forfall og ròte er viktige motiv. Samstundes hyllar han livet, dei små gledene, kvardagen – så slik sett kan ein lese Vonne Endlichkait som ei personleg forsoning.

Kjelder

Runa Kvalsund: «Ei form for forsoning», melding i Bokmagasinet i Klassekampen, 19.09.2015

Dieter Stolz: Günter Grass, der Schriftsteller. Eine Einführung. Göttingen 2005

Dieter Stolz: «‘Tyskland – et litterært begreb’. Günter Grass og det tyske spørgsmål», omsett til dansk av Anne-Sofie Dideriksen, i Dideriksen, Anne-Sofie (red.): Selv med døde fluer. En bog om Günter Grass. Århus 2002, s. 122–142

Stuart Taberner (red.): The Cambridge Companion to Günter Grass. New York 2009

Günter Grass: «Was gesagt warden muss», Spiegel Online, publisert 4.4.2012:http://www.spiegel.de/kultur/gesellschaft/dokument...

Gerrit Bartels: «Der allerletzte Tintenfluss. Günter Grass’ letztes Buch ‘Vonne Endlichkait’», tagesspiegel.de, publisert 26.8.2015: http://www.tagesspiegel.de/mediacenter/fotostrecke...

Runa Kvalsund: «Berlin som nasjonalt erindringsrom. Om storbyframstilling og nasjonal identitet i Günter Grass’ roman Ein weites Feld», Trondheim 2011 (utdrag: https://ruconf.ruc.dk/index.php/norlit/norlit2011/...)

Tysk Wikipedia: Günter Grass, sist endra 15.12.2015: https://de.wikipedia.org/wiki/Günter_Grass

Videokjelde:
http://www.svtplay.se/klipp/2836591/nobelpristagar...

Først publisert: 19.02.2016
Sist oppdatert: 14.08.2019