Hopp til innhold
X
Innhald

Heinric Heine

Heinrich Heine (1797–1856) var ein tysk diktar.

Han kom frå ein jødisk familie i Dusseldorf, men konverterte til lutherdommen. Han skreiv dikt, skodespel, reiseskildringar og artiklar.

Heine debuterte i den tyske romantikken på 1820-talet, men tilførte sterke element av satire og ironi og var sterkt kritisk til sentimental litteratur. Stadig vart Heine utsett for sensur i dei tyske statane, noko som gjorde han kritisk til autoritære regime.

Dei siste 25 åra budde han i Paris. Dikta til Heine var kjende gjennom komposisjonane til Schubert og Schumann, og A.O. Vinje var ein av dei som let seg inspirera av dikta og reiseskildringane og den grunnleggjande satiriske tonen i prosaen til Heine.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018