Hopp til innhold
X
Innhald

Nelly Sachs

Nelly Sachs, tysk poet og omsetjar, fekk nobelprisen i litteratur for gjennom drama og dikt å ha tematisert jødane sine lidingar under nazismen.

Leonine (Nelly) Sachs var fødd i Berlin 10. desember 1891 og døydde i Stockholm 12. mai 1970. I ungdomen gjekk ho på ein jenteskule og lærte dans og litteratur. Ho var av jødisk ætt, og i 1940 måtte ho røme til Sverige for å sleppe unna jødeforfølgingane.

Sachs debuterte i 1921 med Eventyr og forteljingar, men satsa deretter på poesi. Før flukta frå Tyskland hadde ho skrive 300 dikt, i nyromantisk stil. Nokre av dei kom på trykk i lokale aviser, men det var først som diktar i eksil at ho slo igjennom.

I 1940-åra skreiv ho dei mest kjende diktverka sine. Gjennomgangstemaet er nazistane sine ugjerningar mot jødane. Sjølv overlevde ho folkemordet og såg det som si plikt å vitne for dei døde. I Dødens bustader (1947) er det klare referansar til utryddingsleirane, i For at de forfulgte ikke skal bli forfølgere (1949) gir ho eit vidare perspektiv. Ho var oppteken av at dei overlevande ikkje berre skal hugse, men at dei òg har plikt til å gå vidare. La oss stillferdig lære å leve på nytt, er bodskapen i De reddedes kor. Også skodespela ho skreiv, har jødefolket sin lagnad som motiv, som i Eli. Eit mysteriespel om Israels liding.

Sachs var inspirert av svensk samtidslyrikk og omsette fleire antologiar til tysk. Også hennar eigne dikt fekk moderne form, men språkbileta henta ho frå Det gamle testamentet og jødisk mystisisme, ein metaforbruk som kunne vere vanskeleg tilgjengeleg for uinnvigde.

I 1950-åra byrja Sachs å få merksemd i utlandet. Ho fekk litterære prisar, og mange av dikta vart tonesette. I 1966 vart ho æra med nobelprisen i litteratur.

Kjelder

Aris Fioretos: Flykt och förvandling. Sverige 2010

Nelly Sachs: Dikt i utvalg. Gjendikta og med etterord av Astrid Nordang. Oslo 2016

Nelly Sachs: Eli. Eit mysteriespel om Israels liding. Gjendikta og med etterord av Åse Marie Nesse, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/5dc359c3db27e8a24b8dae7c722adc08?index=1#0 [lesedato 3.9.2016]

Nelly Sachs: Rekviem for Israel. Gjendikta og med forord av Åse Marie Nesse, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/9f20ff24316d92cb598c18e7b82310ab?index=1#0 [lesedato 10.9.2016]

Peikarar

«Nelly Sachs Receives her Nobel Prize». Video frå nobelprisseremonien i Stockholm i 1966, nobelprize.org

Først publisert: 13.02.2017
Sist oppdatert: 01.03.2017