Hopp til innhold
Teikning av W.G. Sebald, av NCMallory, Flickr.com CC BY-ND 2.0.
Teikning av W.G. Sebald, av NCMallory, Flickr.com CC BY-ND 2.0.
X
Innhald

W.G. Sebald

Winfried Georg Sebald, litteraturforskar og forfattar. Han er ein av dei mest omtalte og omtykte forfattarane i moderne tysk litteratur. Bøkene hans blandar fiksjon og fakta og går på tvers av fleire sjangrar.

Winfried Georg Sebald var fødd 18. mai 1944 i Wertach, som ligg i landskapet Allgäu i Tyskland. Han døydde 14. desember 2001 i ei bilulykke utanfor heimen sin nær Norwich i Storbritannia. Sebald studerte tysk og engelsk litteratur, først i Freiburg i Tyskland, seinare i Fribourg i Sveits. Han skreiv ei magistergradsavhandling om Carl Sternheim ved Universitetet i Manchester i 1968, og i 1973 leverte han doktorgradsavhandlinga si, om Alfred Döblin, ved University of East Anglia i Norwich. Som litteraturforskar interesserte han seg særleg for tysk og austerriksk litteratur.

Frå 1966 til 1969 arbeidde Sebald som lektor ved Universitetet i Manchester. I 1988 blei han professor i moderne tysk litteratur ved University of East Anglia, og frå 1989 var han òg direktør for British Centre for Literary Translation ved University of East Anglia.

Video: Sebald les og snakkar om litteraturen sin hos 92nd Street Y (92nd Street Young Men's and Young Women's Hebrew Association) i 2001.

Sebald debuterte skjønnlitterært med langdiktet Etter naturen i 1988. Prosadebuten kom to år etter, med Vertigo (1990, norsk omsetjing 2005), ei bok som viser den blandinga av reiseskildring, memoar, biografi og roman som kjenneteiknar alle Sebald sine seinare bøker. De utvandrede (1992, norsk omsetjing 2001) er ein tematisk kjerne i forfattarskapen. Sebald fortel her fire livshistorier som alle handlar om eksil, og han skildrar såleis følgjene av dei sterke politiske straumdraga på 1900-talet. I kvar einskild historie lyftar Sebald fram jødiske erfaringar knytte til holocaust. Samla utgjer dei eit sterkt og verksamt minnearbeid og er såleis ei motvekt til den fortrenginga som har kjenneteikna delar av tysk etterkrigshistorie.

Saturns ringer kom i 1995 (norsk omsetjing 2002) og er ei vandrebok, der forteljaren fører lesaren langs søraustkysten av England, men òg inn i industrihistorie, krig og ruinlandskap – med avstikkarar til emne som sprikjer frå barokk kunst til silkeormar og sildefangst. Også Austerlitz, som kom ut rett før Sebald døydde i 2001, er skriven i ei essayistisk, vandrande form. Boka er likevel den mest roman-aktige av bøkene hans, sjølv om også denne boka er kjenneteikna av sjangerkryssande utforsking.

Bøkene til Sebald inneheld ei rekkje fotografi. Stundom dokumenterer dei teksten, men like ofte gir dei skeive blikk på han, og skaper såleis uvande, ofte urovekkjande parallellar og assosiasjonar. Dei fleste fotografia er pålitelege, men fleire av dei er òg manipulande dersom ein ser dei opp mot teksten. Dette er ein av måtane Sebald skaper spenning mellom fiksjon og røyndom på, ei spenning som han ofte bruker til å tematisere minne og historieskriving. Austerlitz blei omsett til norsk i 2004 av Geir Pollen, som òg har omsett dei andre Sebald-bøkene, og som har ført dei notorisk lange setningane til Sebald over i ein levande, om enn uvand norsk.

I 2011 laga regissøren Grant Gee filmen Patience (After Sebald), der han går i fotspora etter Sebald frå Saturns ringer og intervjuar ei rekkje Sebald-kjennarar.

Sebald blei medlem av det tyske akademiet for språk og dikting i 1996. Han fekk fleire prisar for forfattarskapen sin, også fleire tyske prisar, mellom anna Berliner Literaturpreis (Johannes Bobrowski-medaljen) i 1994, men òg internasjonale prisar, mellom dei Los Angeles Times Book Award (1998) og National Book Critics' Circle Award (2001). Forfattarskapen til Sebald har fått aukande merksemd etter at han døydde i 2001.

Kjelder

J.M. Coetzee: «W.G. Sebald, After Nature», Inner Workings. Literary Essays 2000–2005. London 2007

Olaf Haagensen (red.): temabolk om Sebald i Vinduet, nr. 1/2010. Oslo 2010

Grant Gee: Patience (After Sebald), film, 2011

Espen Ingebrigtsen: «W.G. Sebald», Store norske leksikon: https://snl.no/W._G._Sebald [lesedato 5.5.2016]

Peikarar

Olaf Haagensen si masteroppgåve om W.G. Sebald

Først publisert: 28.02.2017
Sist oppdatert: 01.03.2017