Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Matras

Christian Matras, 1900-88, var færøysk lyrikar og filolog.

Han var lektor i færøysk ved Universitetet i København frå 1922 og blei professor i 1952. I 1965 tok han til som professor ved det nyoppstarta Færøyenes akademi i Tórshavn. Matras debuterte i 1926 med diktsamlinga Grátt, kátt og hátt og skreiv seinare mellom anna Á hellu ég stóð (1972) og Úr sjón og úr minni (1978).

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016