Hopp til innhold
X
Innhald

Edda

Edda. Ei samling norrøne gude- og heltekvad av ukjende forfattarar, òg kalla Den eldre Edda. Av gudekvad kan ein nemne Hávamál, Vǫluspá, Þrymskviða, Vegtamskviða; av heltekvad Vǫlundarkviða, Sigurðarkviða fafnisbana. Dei fleste kvada er frå 700­–1100 og er omsette til nynorsk og bokmål.
Snorres Edda er eit skrift frå Snorre frå ca. 1220, ei lærebok i mytologi og skaldskap i tre delar: Gylfaginning, Skáldskaparmál, Háttatal. Seinare kalla Den yngre Edda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 23.07.2014