Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Kárason

Einar Kárason, fødd i 1955, er ein islandsk forfattar som debuterte med diktsamlinga Loftrœsting i 1979.

Trilogien Þar sem djöflaeyjan rís (1983), Gulleyjan (1985), som vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1986, og Fyrirheitna landið er ein brakkebysaga frå Reykjavík i tre ættledd. Bøkene vart omsette til norsk i 1991 med titlane Djeveløya, Gulløya og Det forjettede land. Trilogien vart filmatisert i 1996. Kárason har skrive fleire romanar: Heimskra manna ráð i 1992, som kom i norsk omsetjing i 1996 med tittelen Dumme menns gode råd, Kvikasilfur i 1994, som kom på norsk i 1998 med tittelen Kvikksølv, og Norðurljós i 1998, som fekk tittelen Nordlys i den norske omsetjinga frå 2000. I 2003 kom Stormur, Storm, på norsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016