Hopp til innhold
X
Innhald

Frída Á. Sigurðardóttir

Frída Á. Sigurðardóttir, 1940–2010, var ein islandsk forfattar, som debuterte i 1980 med novellesamlinga Þetta er ekkert alvarlegt.

I 1986 gav ho ut Eins og hafið, som er ein kollektivroman frå eit fiskevær. I 1992 fekk ho Nordisk Råds litteraturpris for romanen Meðan nóttin líður frå 1990, som kom i norsk omsetjing med tittelen I nattens løp i 1992. Novellesamlinga Sumarblús kom i 2000. Sigurðardóttir skriv i ei eksperimenterande form kring emnet framandgjering.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016