Hopp til innhold
X
Innhald

Heimskringla

Heimskringla er namnet på Snorre Sturlasons norske kongesagaer frå ca. 1220–35. Namnet er henta frå dei to første orda "Kringla heimsins" (jordkrinsen, jorda).
Hovudbolken (om lag ein tredel) handlar om helgenkongen Olav Haraldsson. Snorre utnyttar systematisk gamle skaldekvad som historisk kjelde, og drøftar den historiske metoden i føreordet. Forteljinga går frå dei eldste tider (Ynglinga saga) fram til slaget på Re i 1177.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 09.08.2012