Hopp til innhold
X
Innhald

Heðin Brú

Heðin Brú, 1901–87, er eit pseudonym for Hans Jacob Jacobsen, ein færøysk forfattar og omsetjar.

Han debuterte i 1930 med romanen Lognbrá. Seinare kom mellom anna romanane Feðgar á ferð (1940), omsett til norsk med tittelen Fattigfolk på ferde i 1964, og Men lívið lær (1970). Brú skreiv òg fleire novellesamlingar, frå Fjallaskuggin i 1936 til Búravnnum i 1971. På norsk finst eit utval noveller i Krossvatn frå 1971. Brú skreiv òg dikt. Han omsette ei rekkje store forfattarar til færøysk, til dømes Emily Brontë, William Shakespeare og Fjodor Dostojevskij, i tillegg til nordiske kollegaer som Knut Hamsun, Henrik Ibsen, Astrid Lindgren og den danskspråklege landsmannen William Heinesen. Brú fekk Holberg-medaljen i 1982.

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016