Hopp til innhold
X
Innhald

Jóhann Sigurjónsson

Jóhann Sigurjónsson, 1880–1919, var den første islendingen som levde av forfattarskapen. Han budde for det meste i København og skreiv hovudsakleg på dansk. Mest kjende er dei to skodespela Fjalla-Eyvindur (1911) (Bjærg-Ejvind og hans hustru) om kjærleiken mellom to fredlause, og Galdra-Loftur (1915) (Ønsket) med Faust-tema. Begge skodespela byggjer på islandske folkesegner.

 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 09.08.2012