Hopp til innhold
X
Innhald

Kristín Ómarsdóttir

Kristín Ómarsdóttir, fødd i 1962, er ein islandsk forfattar.

Ho har mellom anna skrive novellesamlingane Einu sinni sögur (1991) og Svartir brúðarkjólar (1992), romanane Dyrnar þröngu (1995), Elskan mín ég dey (1997), som vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2000, og diktsamlinga Lokaðu augunum og hugsaðu um mig i 1998. Ómarsdóttir har skrive fleire skodespel, frå Draumar á hvolfi (1987) via Segðu mér allt (2004) til Í speglingum sefur kónguló (2011).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016