Hopp til innhold
X
Innhald

Njåls saga

Njåls saga, Brennu-Njáls saga eller Njála, er namnet på den største islandske ættesagaen. Njåls saga handlar om tida kring år 1000 då kristendomen vart innført på Island. Sagaen er skriven ned ca 1280.
 
Den første delen handlar om Gunnar frå Hlíðarendi som heltemodig kjempar mot overmakta og fell, sviken av kona Hallgerd. Venen til Gunnar, den vise Njål Torgeirsson, prøver å dempe hemnkonfliktar som hustrua Bergtora og sønene er involverte i.
 
Den andre delen endar med mordbrann og open strid på Alltinget. Mange trekk, som til dømes forsoninga mellom dei attlevande, har eit kriste preg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 09.08.2012