Hopp til innhold
X
Innhald

Rói Patursson

Rói Patursson, fødd i 1947, er ein færøysk lyrikar, som debuterte med Yrkingar i 1969.

Han har ein magistergrad i filosofi ved Københavns Universitet frå 1985 og er engasjert i modernisme og politikk. Frå 1987 til 1988 underviste han ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Patursson fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1986 for diktsamlinga Líkasum frå 1985, som i norsk omsetjing har tittelen Som om.

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016