Hopp til innhold
X
Innhald

Saga

Saga kjem frå norrønt og er eigentleg ei utsegn eller forteljing.

På norsk vert ordet brukt mest om dei islandske forteljingane som vart nedskrivne ca. 1160–1400. Sagaene kan grovt delast inn etter tid mellom nedskriving og handling, og etter emne: 1. Oldtidssagaer (fornaldarsagaer) er meir eller mindre eventyrlege. 2. Fortidssagaer, islendinge- eller ættesagaer, handlar om tida frå 870 til ca. 1130. 3. Samtidssagaer frå Island, til dømes Sturlunga saga, vert rekna som noko lunde pålitelege. Kongesagaer, som Heimskringla, Ågrip og Sverres saga, fordeler seg på alle tre grupper og bispesagaer, Biskupa sögur, på dei to siste. I tillegg kjem helgensagaer, annan religiøs litteratur, krøniker og omsette Riddarsagaer, eller fornsǫgur Suðrlanda, for eksempel Strengleikar og Tristrams saga, som for det meste er gammalnorsk omsett litteratur. Etter denne perioden heldt produksjonen av romanaktige sagaer fram, lygisagaer. Islendingesagaene er usignerte, kjeldeverdien er omdiskutert og det har vore heftig sagadebatt om kor langt dei er baserte på nedskriving av munnleg tradisjon eller er einskildforfattarars verk. I dag reknar ein med at kvar saga i ulik grad har element av begge slag. Stilen er munnleg, med fyndig, korthoggen uttrykksmåte, derav uttrykket sagastil. Ein sagastubb vert kalla ein tått. Innsamlinga av sagahandskrifter byrja for alvor rundt 1700, og den største innsatsen gjorde islendingen Árni Magnússon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016