Hopp til innhold
X
Innhald

Sjón

Sjón er eit pseudonym for Sigurjón Birgir Sigurðsson, fødd 1962.

Han er ein islandsk forfattar som debuterte 16 år gammal med diktsamlinga Synir (1978). Seinare har han mellom anna skrive romanane Stálnótt (1987), Engill, pípuhattur og jarðaber (1989), Augu þín sáu mig: ástarsaga (1994), som kom i norsk omsetjing i 2001 med tittelen Dine øyne så meg. Sjón fekk Nordisk Råds litteraturpris i 2005 for romanen Skugga-Baldur frå 2003. I 2005 kom Argóarflísin, som kom på norsk i 2007 med tittelen Flisen fra Argo. Han er òg tekstforfattar, mellom andre for Björk. Sjón var òg med på å starte forlaget Smekkleysa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016