Hopp til innhold
X
Innhald

Steinunn Sigurðardóttir

Steinunn Sigurðardóttir, fødd i 1950, er ein islandsk forfattar.

Ho studerte psykologi og filosofi ved University College Dublin og arbeidde som journalist fram til 1982, då ho vart forfattar på heiltid. Sigurðardóttir debuterte i 1969 med diktsamlinga Sífellur og gav seinare ut diktsamlingar som Kartöfluprinsessan (1987) og Hugástir (1999), og noveller, mellom andre Sögur til næsta bæjar (1981), romanane Tímaþjófurinn (1986), som vart til ei fransk filmatisering i 1998, Ástin fiskanna (1993), Hjartastaður (1995), som kom i norsk omsetjing i 1997 med tittelen Hjertets sted, Hanami, Sagan af Hálfdani Fergussyni (1997). Ho har òg skrive ei bok om Islands tidlegare president, Vigdís Finnbogadottír.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016