Faktaboks

Sveinbjörn Egilsson
Fødd
24. desember 1791
Død
17. august 1852
Sveinbjörn Egilsson
Sveinbjörn Egilsson
Av /𝒲.

Sveinbjörn Egilsson var ein islandsk filolog, omsetjar og diktar.

Sveinbjörn var i skule hjå Magnús Stephensen og vart seinare utdanna teolog i København. I 1819 vart han lærar ved latinskulen på Bessastaðir. Då skulen flytte til Reykjavík i 1846 og fekk namnet Den lærde skulen, vart Sveinbjörn Egilsson tilsett som rektor fram til han la ned embetet i 1852.

Som vitskapsmann gjorde han eit storverk ved å leggje grunnen til metodisk gransking av den norrøne skaldediktinga, særleg i arbeidet med kommentarar til skaldeversa i dei norske kongesogene som Det kongelige nordiske Oldskriftselskab gav ut (Fornmanna sögur, 12 band, 1825–1837). Han omsette dessutan alle desse skaldedikta til latin.

Det største og viktigaste arbeidet hans var ei ordbok over det norsk-islandske skaldespråket: Lexicon poeticum antiquæ linguæ septentrionalis (1854–1860). Denne har kome i nye utgåver og er framleis eit viktig hjelpemiddel ved studiet av norrøn dikting.

Som omsetjar gav han nytt liv til det gamle sagaspråket, og dette vart viktig i utviklinga av det islandske skriftspråket. Dei viktigaste omsetjingane er prosaversjonar av Iliaden og Odysseen av Homer. I 1856 kom ei samling med dikt og gjendiktingar ut med tittelen Ljóðmæli (Dikting).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Páll Eggert Ólason 1948–52. Íslenzkar ævisskrár frá landnámstímum til ársloka 1940, I–V. Reykjavík: Hið íslenzka bókmenntafélag. IV,361–2.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg