Hopp til innhold
X
Innhald

Thor Vilhjálmsson

Thor Vilhjálmsson, 1925–2011, var islandsk forfattar, ein modernist som debuterte i 1959 med Maðurinn er alltaf einn.

Seinare skreiv han mellom anna romanen Fljótt, fljótt, sagði fuglinn (1968), som vart omsett til norsk i 1983 med tittelen Fort fort, sa fuglen. Morgunþula í stráum kom i 1998. Vilhjálmsson fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1988 for romanen Grámosinn glóir frå 1986, som kom på norsk i 1988 med tittelen Gråmosen gløder. I 1992 fekk han Svenska Akademiens nordiska pris.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016