Hopp til innhold
X
Innhald

Tristrams saga (ok Ísǫndar)

Tristrams saga (ok Ísǫndar), er ei norrøn gjendikting frå 1226 av den anglonormanniske diktaren Thomas' verseroman Tristan et Iseuld.

Det var den islandske munken broder Robert som omsette soga, og ho var såleis den første omsetjinga av europeisk høvisk litteratur til norrønt. Soga om Tristram og Isond er omsett til nynorsk to gonger, av Severin Eskeland i 1913 og Magnus Rindal i 2003.

Først publisert: 19.09.2016
Sist oppdatert: 19.09.2016