Hopp til innhold
X
Innhald

Aleksis Kivi

Aleksis Kivi (eigentleg Alexis Stenvall), 1834–1872, var finsk forfattar og grunnleggjaren av moderne finskspråkleg litteratur.

Han skreiv både dikt, skodespel og romanar. Etter kvart forfinska han namnet sitt frå Stenvall til Kivi.

Hovudverket hans er Sju brør (Seitsemän veljestä, 1870), som har kome i fleire norske utgåver. Verket er ei blanding av romantikk og realistisk folkelivsskildring, som er sjølve fundamentet for finsk prosa. Lyrikken til Kivi peikar mot modernismen og er tonesett av ei rekkje komponistar, mellom andre Sibelius. Einaktaren Lea (1859) er det første finskspråklege skodespelet. Kivi skreiv også komediar, mellom andre Bygdeskomakerne (1864) og Forlovelsen (1866). Han levde eit vanskeleg liv i til dels stor fattigdom og døydde som sinnslidande, utan noka anerkjenning frå samtida si.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017