Faktaboks

Anja Snellman
Fødd
23. mai 1954, Helsingfors, Finland
Anja Snellman
Forfattaren Anja Snellman på Bokmessa i Åbo i 2013.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Anja Snellman er ein finsk romanforfattar, lyrikar og journalist. Ho tek gjerne tek opp kontroversielle tema i tekstane sine. Snellman har vore leiar for Helsingfors bokmesse og Vasa litteraturfestival.

Snellman vekte oppsikt med debutromanen Sonja O. kävi täällä (Sonja O. var her) i 1981, og for denne boka fekk ho debutantprisen J.H. Erkon palkinto.

Bakgrunn

I perioden 1973–1981 studerte ho engelsk filologi, bruksretta psykologi, finlandsk litteratur og allmenn litteraturvitskap ved universitetet i Helsingfors. I 2017 tok ho magistergraden i filosofi. Ho skreiv dei første bøkene sine under jentenamnet Anja Kauranen, men bytte etternamn i 1997.

Tema

Snellman er ein produktiv forfattar. Ho forklarer produktiviteten sin med at ho er ein rask, impulsiv skribent, som skriv kvar einaste dag, også når ho «kviler». Blant sentrale tema i verka hennar er kvinneleg seksualitet, forholdet mellom mor og dotter, kjærleik og død, frykt, aggresjon og vald.

Forfattarskap

Snellman er kjend for språkleg eleganse, humor og for å sameine historie og utopi, dikting og dokumentarstoff. Eit godt eksempel på dette er romanen Lyhytsiipiset (2003), omsett til norsk av Nøste Kendzior i 2005 med tittelen Kortvinger. Det dokumentariske stoffet som ligg til grunn for romanen, er ei uoppklart hending som skjedde i Finland i 1960, der tre ungdomar blir drepne og ein gut overlever, men har mist minnet.

Utgivingar

Romanen Ihon aika (1993), på norsk Hudens tid (2003), som blei filmatisert for TV i 1998. Her følgjer eg-forteljaren mora sine siste dagar og får ny kunnskap om livet til mora, kjærleiken og ei bortadoptert halvsyster.

Pelon maantiede (1995, til svensk med tittelen Rädslans geografi, 2000), som blei filmatisert i 2000, er ein psykologisk thriller der ei gruppe kvinner ved «Midnattsinstituttet for redselens geografi og destruksjonsfeminisme» tek hevn over mannssamfunnet.

Av andre verk frå den omfangsrike forfattarskapen kan vi nemne Paratiisin kartta (1995, til svensk med tittelen Paradisets karta, 2001), Safari Club (2001, til svensk med same tittel, 2003) og Syysprinssi (1996, filmatisert i 2016 med same tittel).

Journalistikk

Som journalist er Snellman ein kjend spaltist i fleire tidsskrift, ho har hatt sitt eige fjernsynsprogram, og fleire av romanane hennar er blitt filmatiserte.

Snellman seier at ho nyt godt av synergien mellom tre felt som alle er sentrale i arbeidet hennar: litteratur, psykoterapi og journalistikk. Ho har uttrykt dette slik: «Ein forfattar lyttar og spør. Ein terapeut spør og lyttar. Ein journalist spør, lyttar og granskar.»

Utmerkingar

I 2007 fekk Snellman Pro Finlandia-medaljen. Ho har òg fått den finske Takk for boka-medaljen og Helsingfors-medaljen.

 Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg