Hopp til innhold
X
Innhald

Arvid Järnefelt

Arvid Järnefelt, 1861–1932, var finsk forfattar.

Han gav hovudsakleg ut romanar og debuterte i 1893 med Fedrelandet. Järnefelt var ofte uttalt samfunnskritisk på eit kristent-tolstojsk grunnlag. Han var i tillegg utprega nasjonalfinsk og ein leiande litterær «motstandsmann» mot tvangspolitikken frå Tsar-Russland i Finland. Det kanskje mest kjende verket hans er Mine foreldres roman (1928–30).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017