Hopp til innhold
X
Innhald

Bo Carpelan

Bo Carpelan, 1926¬–2011, var finlandssvensk forfattar og kritikar

Han skreiv lyrikk og barnebøker og debuterte med Som en dunkel värme (1946). Andre viktige diktsamlingar er Landskapets förvandlingar (1957), 73 dikter (1966), Din gestalt bakom dörren (1957) og Marginalia (1984). Nokre romanar er Vandrende skygge (1977, norsk omsetjing 1979), Axel (1985), Urwind (1993) og Benjamins bok (1997). Fleire høyrespel i norsk omsetjing har vore sende av NRK. Carpelan fekk Nordisk råds litteraturpris i 1977.

 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017