Hopp til innhold

Edith Södergran

Edith Södergran, 1892–1923, er finlandssvensk forfattar.

Ho markerte seg med Dikter (1916) og Septemberlyran (1918) som ein av dei første modernistane i nordisk lyrikk. Meir kosmisk og ekstatisk var Framtidens skugga (1920). Landet som icke är kom ut posthumt (1925). Södergran vart svært viktig for utviklinga av heile den nordiske lyriske modernismen. Dikter kom ut i norsk gjendikting i 1957 og 1998.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017