Hopp til innhold
X
Innhald

Eeva Joenpelto

Eeva Joenpelto, 1921–2004, var finsk forfattar.

Ho sameinte miljø- og menneskeskildringar på ein framifrå måte innanfor ramma av den realistiske romanen. Joenpelto er mellom anna kjend for romanen Jomfruen går på vannet (1955, omsetjing til norsk 1959). Hovudverka hennar er trilogien Husfolk og fiender (norsk omsetjing 1978), En brann, revet ut av ilden (norsk omsetjing 1980) og Salt regn (norsk omsetjing 1981) om familien Hänninen, som mellom anna gir eit likevektig syn på borgarkrigstida 1918–19 og den finske samfunnsutviklinga i mellomkrigstida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017