Hopp til innhold
X
Innhald

Eeva Karin Kilpi

Eeva Karin Kilpi, fødd 1928, er finsk forfattar. Kilpi er kjend for framifrå skildringar av kvinneskjebnar.

Kjærleiksdikta hennar har ein sjeldsynt intensitet og vitalitet, og eit utval av dei vart gjendikta på norsk i En sang om kjærlighet (1987). Nokre av romanane er Tamara (1972) og Häätanhu (1973, «Bröllopsdansen», 1981). Romanserien hennar frå Karelen nådde fram til eit stort publikum: Evakuerade för livet (svensk 1985), Vinterkrigets tid (svensk 1990) og Längtans tid (svensk 1991). Andre verk er den både tragiske og vemodige Sommar och en medelårs kvinna (1984, svensk 1985), medan Innan döden (1983, svensk 1984) har ein mørk, lyrisk tone.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017