Hopp til innhold
X
Innhald

Eeva-Liisa Manner

Eeva-Liisa Manner, 1921–95, var finsk forfattar og omsetjar.

Manner braut gjennom i 1956 med diktsamlinga Tämä matka («Denne reisa»), som var mellom dei viktigaste verka det tiåret i Norden. Dei seinare dikta stadfesta stillinga hennar som leiarfigur for dei finske femtitalsmodernistane. Eeva-Liisa Manner skreiv også forteljingar, skodespel og høyrespel. Verka hennar er omsette til ei rekkje språk.

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017