Hopp til innhold

Eino Leino

Eino Leino, 1878–1926, var finsk forfattar, kritikar, journalist og omsetjar. Eino Leino er kanskje den aller største finske lyrikaren.

Leino var politisk aktiv i kampen mot russifiseringspolitikken ved hundreårsskiftet. Som lyrikar var han både oppteken av å ta vare på det gamle, men samtidig av fornying; han skapte ny kunst av gammalt materiale. Leino når høgast i dei to balladesamlingane Helkavirsiä (1903 og 1916, svensk omsetjing Helkasånger, 1963), som også var høgdepunktet av kalevalainspirert dikting i Finland.

 

Dei samla verka til Leino på 16 bind omfattar 30 lyriske og episke diktsamlingar, om lag 20 skodespel og nesten 20 prosastykke. På norsk har vi fått Den unge kvinnen (1993), og forteljinga Jula vart send som høyrespel i radio i 1973.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017