Hopp til innhold
Portrett av Elias Lönnrot på sine eldre dagar. Ukjent år og fotograf. Foto: Gallen-Kallelan Museo, Flickr.com. Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri.
Portrett av Elias Lönnrot på sine eldre dagar. Ukjent år og fotograf. Foto: Gallen-Kallelan Museo, Flickr.com. Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri.
X
Innhald

Elias Lönnrot

Elias Lönnrot, 1802–1884, var finsk språkforskar, forfattar og lege.

Han er særleg kjend for utgivinga av Kalevala (1835, ny og utvida utgåve i 1849). Trebindsutgåva Kanteletar av lyrisk finsk folkedikting (1840–1841) inneheld også eigne dikt. Lönnrot gav i 1867 ut den første finsk-svenske ordboka i to bind. Han var også den første professoren i finsk språk og litteratur ved Helsingfors universitet mellom 1853 og 1862. Kalevala vart gitt ut på norsk i 1967 og Kanteletar i 1988. Kalevala er viktig både som folkedikting, nasjonalepos og som diktverk.

 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 09.04.2019