Hopp til innhold
X
Innhald

Fakkelberarane

Fakkelberarane, det finskspråklege motstykket til dei finlandssvenske modernistane, likevel utan at dei vart like viktige. Namnet kjem av det litterære albumet med namnet Tulenkantajat, som kom ut i slutten av 1920-åra.

Ein kan dele fakkelberarane inn i to retningar: Den eine retninga er den ekspresjonistiske, som er prega av eksotiske landskap og patetisk livsdyrking, som til dømes hos Katri Vala, eller av rigorøs sjølvransaking, som typisk er spesielt for Uuno Kailas. Den andre og urbane retninga er kjenneteikna av by- og maskinromantikk, som hos Olavi Paavolainen og Mika Waltari.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017