Hopp til innhold
X
Innhald

Hannu Salama

Hannu Salama, fødd 1936, er finsk forfattar.

Salama har gitt ut romanar og noveller som skildrar sosiale konfliktar. Han vart dømd for blasfemi på grunn av romanen Midtsommerdansen (1964, norsk 1965). Kommer upp i Tö (svensk tittel, 1972) skildrar den illegale verksemda til kommunistane under framhaldskrigen og er samtidig ei forteljing om forfattaren og slekta hans. Salama har også skrive «Finlandia»-serien, som kom ut i fem delar i 1976–83, og han har gitt ut novellesamlingar som Den gamle historie (1961) og En soldat besøker huset (1968). Diktsamlinga Runoja kom i 1984. Salama vart tildelt Nordisk råds litteraturpris i 1975.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017