Hopp til innhold
X
Innhald

Ilmari Kianto

Ilmari Kianto (eigentleg Calamnius), 1874–1970, var finsk forfattar.

Han var svært produktiv i alle litterære sjangrar, men berre to av verka hans har overlevd: romanane Den røde streken og Jooseppi fra Ryysyranta. Den røde streken skildrar korleis den patriarkalske idyllen bryt saman og den sosialistiske ideen trengjer seg inn i sinnet til fattigfolk. Det dreier seg om det første valet med allmenn stemmerett (også for kvinner) i 1906. Veljarane skulle setje ein raud strek over stemmesetelen. I Jooseppi fra Ryysyranta skildrar Kianto fattigdommen, men han stiller også spørsmål om kvifor folk er fattige.

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017