Hopp til innhold

Johan Ludvig Runeberg

Johan Ludvig Runeberg, 1804–1877, var finlandssvensk forfattar.

Han debuterte i 1830 med Dikter. Runeberg skreiv ei rekkje skodespel og større episke dikt. Han er mest kjend for Idyll og epigram (1830–1833), Kung Fjalar (1844) og for dei to samlingane Fänrik Ståls sägner (1848 og 1860), som blir innleidde med «Vårt land», diktet som sidan vart finsk nasjonalsong. Det vart sunge for første gong på svensk i 1848, og den finske versjonen «Maamme» vart først framført om lag 40 år seinare.

 

Andre verk er mellom andre Älgskyttarna (1832), Hanna (1836) og Julekvelden (1841). Runeberg sameinte idealismen i romantikken og fedrelandskjærleik med ein enkel og realistisk stil. Fänrik Ståls sägner har, ved sida av Kalevala, bidrege til å skape ei finsk nasjonalkjensle. Runeberg har også hatt stor innverknad på den litterære utviklinga i Sverige. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017