Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Vilhelm Snellman

Johan Vilhelm Snellman, 1806–81, var finsk forfattar, filosof og statsmann.

Han gav mellom anna ut bladet Saima og seinare Litteraturblad för allmän medborgerlig bildning på svensk og Maamiehen Ystävä på finsk. Läran om staten (1842) er det akademiske hovudverket hans med spesiell vekt på verdien av «nasjonalånda». Snellmann bidrog sterkt til reformer i 1860-åra, mellom anna for eigen valuta og språklovene som sikra rettane til det finske språket ved sida av svensk og russisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017